Gravvik

tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke i Noreg

Gravvik var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag fylke. Området vart skild ut som eigen kommune i 1909. I 1964 var kommunen slegen saman med Foldereid, Kolvereid og Nærøy til det som er dagens Nærøy kommune. Gravvik er no ein skulekrins i Nærøy kommune, og eit kyrkjesokn i Nærøy prosti i Den norske kyrkja.

Landbruk og fiskerinæring har tradisjonelt stått sterkt i Gravvik. I dag er oppdrett av laks, skjel og kveite viktige næringar.

I Gravvik finn ein Fingalshola, som er hola i Noreg med flest holemåleri, og Gravvik kyrkje

Kjelder endre