Hòlemåleri

(Omdirigert frå Holemåleri)

Hòlemåleri er bergkunst frå førhistorisk tid laga på veggar i hòler og hellerar. Slike måleri er kjende frå store delar av verda, og nokre av dei er fleire titals tusen år gamle. Dei er dermed blant dei eldste kunstverka i verda.

Holemåleri i Bunjil Shelter i Black Range i Australia.
Holemåleri av bison frå Altamira.
Holemåleri av ridande menneske i Bhimbetka i India.

Til forskjell frå bergkunst i det fri, er hòlemåleri verna frå vêr og vind, slik at fargepigment held seg ved like. Svært ofte er det raud oker blanda med eit bindemiddel som er brukt, men måleria kan også innehlada gul oker, kol, hematitt og manganoksid. Dyr er svært ofte motiv for mange hòlemåleri, og noko sjeldnare menneskefigurar, hender eller abstrakte figurar. Ein finn ofte hòlemåleri i hòler som ikkje blei brukt som bustad og ofte var litt utilgjengelege.[1]

Historie endre

 
Solsemhòla vart oppdaga i 1912.

Dei eldste kjende hòlemåleria er over 40 000 år gamle. Måleri frå Cueva de Nerja i Spania er tidfeste til å vera laga for mellom 43 500 og 42 300 år sidan gjennom karbondatering av kolavsetjingar på golvet.[2] I Cueva de El Castillo har kalsittavsetjingane på eit måleri datert det til å vera meir enn 40 800 år.[3] Desse eldste europeiske holemåleria blei laga under den siste istida. Dette var ei tida då Homo sapiens kom til Europa, men også neandertalarar levde her. Det har derfor vore spekulert i om neandertalarar lagda nokre av måleria, eller om alt blei laga av moderne menneske.[3] Andre særs gamle hòlemåleri i Europa er i Lascaux, La Marche og Chauvet-Pont-d'Arc i Frankrike og Altamira i Spania. Desse verka er mellom 20 000 og 30 000 år gamle. Undersøkingar av Altamira-måleria viser at dei blei lagde til av ei lang rekkje menneske gjennom fleire tusentals år.[4]

Ein kjenner også fleire eldgamle hòlemåleri i Australia. Kolmåleri i Nawarla Gabarnmang er blitt karbondert til 28 000 år sidan.[5] Holekunst i Arnhem Land avbildar dyr som ein reknar med har vore utdøydde i over 40 000 år. Dette tyder på at desse måleria kan vera minst så gamle.[6]

Dei eldste kjende hòlemåleria i Afrika er rundt 28 000 år gamle. Dei er funne i Apollo 11-hòla i Namibia. Desse måleria er laga på lause steintavler som jeger- og sankarfolket som laga dei kan ha bore med seg.[7] I nokre delar av det sørlege Afrika laga ein hòlemåleri heilt fram til 1800-talet.[8]

SolsemhòlaLeka vart oppdaga i 1912, som dei første hòlemåleria i Noreg.

Hòlemåleri i verda endre

Døme på funnstader frå heile verda.

Afrika endre

 
Symjarar i «Symjehola» i Egypt.

Amerika endre

 
Painted Cave i Santa Barbara County i California.
 
Cueva de las Manos i Argentina.

Asia endre

 
Bhimbetka-måleri.

Europa endre

 
Holehyene i Chauvethola.
 
Eit av dei mange hòlemåleria i Fingalshòla, ei hòle i ei fjellside ved Tennfjord i Gravvik i Nærøy kommune i Noreg. Måleria er tidfesta til mellom om lag 1500 f.Kr. og 1000 f.Kr. Hòla og måleria vart kartlagt av Vitenskapsmuseet i Trondheim i 1962 og 1963.

Oseania endre

Vitskaplege studiar endre

 
Peter Wilhelm Lund med holemåleri ved Lagoa Santa i Brasil. Måla av med-teiknaren P.A. Brandts rundt 1840.

Marcelino Sanz de Sautuola først oppdaga og holemåleri frå magdalénienkulturen i Altamira i 1879, meinte mange samtidige vitskapsfolk at dei var lureri. Seinare studiar viste at måleria verkeleg var laga i eldre steinalder, og stimulerte til ny interesse for denne tida.

Mange hòlemåleri framstiller dyr. Blant funna i Afrika er det vanlegare med menneskefigurar i bilete enn i kunst frå Europa.[19] Dei fleste norske hòlemåleria stammar frå yngre steinalder og følgjer motiv og idéinnhald som også er kjende frå veideristingar.[20]

Kjelder endre

  1. holemåleri, riksantikvaren.no
  2. Unni Eikeseth, Dette er verdas eldste kunst, NRK.no, 08.02.2012.
  3. 3,0 3,1 Jonathan Amos, Red dot becomes 'oldest cave art', BBC News, 15 June 2012.
  4. Richard Gray, Prehistoric cave paintings took up to 20,000 years to complete, telegraph.co.uk
  5. Rod McGuirk, «Australian rock art among the world's oldest», Christian Science Monitor (June 18, 2012).
  6. Emma Masters, «Megafauna cave painting could be 40,000 years old», ABC News (May 31, 2010).
  7. Apollo 11 Cave (Namibia) c. 28,000 BP, africanrockart.org
  8. How old is the art?, theartofafrica.co.za
  9. Jaroff, Leon (2. juni 1997). «Etched in Stone». Time. Arkivert frå originalen 4. februar 2013. Henta 7. oktober 2008. 
  10. «Apollo 11 (ca. 25,500–23,500 B.C.) and Wonderwerk (ca. 8000 B.C.) Cave Stones». Heilbrunn Timeline of Art History. New York: The Metropolitan Museum of Art. October 2000. Henta 11 May 2013.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  11. Rock Art Paintings of Tanzania - Africa, www.bradshawfoundation.com/tanzania
  12. Bakano, Otto (April 24, 2011). «Grotto galleries show early Somali life». AFP. Arkivert frå originalen 30. april 2011. Henta 11 May 2013.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  13. «Tassili n'Ajjer». UNESCO World Heritage Center. Henta 31 December 2012.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  14. Simekm Jan F., Alan Cressler, Nicholas P. Herrmann and Sarah C. Sherwood (2013). «Sacred landscapes of the south-eastern USA: prehistoric rock and cave art in Tennessee». Antiquity 87 (336): 430–446. 
  15. Le Comte, Christian (2003). Argentine Indians. Consorcio de Editores. ISBN 987-9479-11-4. 
  16. «Rock Shelters of Bhimbetka». World Heritage Site. Henta 22. desember 2009. 
  17. Chazine, J-M. (2005). «Rock Art, Burials, and Habitations: Caves in East Kalimantan» (PDF). Asian Perspectives 44 (1): 219–230. doi:10.1353/asi.2005.0006. Henta 12 May 2013. 
  18. Tugman, Lindsey (1 September 2011). «Oldest cave drawings found in Romanian cave». CBS News. Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta 11 May 2013. 
  19. Jaroff, Leon (2. juni 1997). «Etched in Stone». Time. Arkivert frå originalen 4. februar 2013. Henta 7. oktober 2008. . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  20. Hulemalerier (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Hente 25. juli 2013.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hòlemåleri