Greg «Fingers» Taylor
Greg «Fingers» Taylor (3. juni 1951–23. november 2023) er ein USA-amerikansk munnspel-spelar, mest kjend for arbeidet sitt med Jimmy Buffett sitt Coral Reefer Band.[2]
Greg «Fingers» Taylor | |||
Taylor i 1996 på Riverwalk Blues Festival | |||
Fødd | 3. juni 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wichita i Kansas i USA | ||
Død | 23. november 2023 | ||
Alias | «Fingers», The Harpoon Man | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1969–2014 | ||
Sjanger | Rock and roll, blues, country[1] | ||
Instrument | Vokal, munnspel, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Karriere
endreGreg Taylor vart fødd i Wichita i Kansas, 3. juni 1952 der han gjekk på Wichita North High School.
Taylor og Buffett møttest i 1970 då Taylor var student ved University of Southern Mississippi. Like etter at dei to møttest, vart Taylor med i Larry Raspberry og The Highsteppers. I 1974 ringde Buffett Taylor for å be han bli med i det første offisielle Coral Reefer Band. Taylor heldt fram med å spela i bandet fram til 2000.
Taylor sitt kallenamn, «Fingers», vart gitt til han i 1969 av John «Johnny Rock» Buffaloe (så kalla av Taylor) under deira tid i The Buttermilk Blues Band i Jackson i Mississippi. På den tida spelte Taylor klaverinstrument for bandet, derav kallenamnet «Fingers». Taylor byrja å spela munnspel i løpet av si tid i bandet.
Taylor har gitt ut fem studioalbum: Harpoon Man (1984), Chest Pains (1991), New Fingerprints (1992), Old Rock 'n' Roller (1996) og Hin Fi Baby (2003). Han har òg gitt ut to samlealbum: Greatest Hits (1998) og Back to the Blues (2000).
I løpet av åra har Buffett spelt inn eit par av Taylor sine songar. «Big Rig» vart inkludert på Buffett-albumet Havana Daydreamin' frå 1976, og Taylor og Buffett skreiv saman «Miss You So Badly» som vart inkludert på Buffett-albumet Changes in Latitudes, Changes in Attitudes frå 1977. Buffett og Coral Reefer Band inkluderte òg «Dixie Diner», opphavleg spelt inn av Larry Raspberry and The Highsteppers, på Buffett-albumet You Had to Be There frå 1978.
Buffett og Taylor slo seg òg saman på «Some White People (Can Dance)», ein fast del av Taylor sitt repertoar. Songen vart inkludert på Taylor-albumet Chest Pains frå 1989.
Frå 2000 til 2005 turnerte og spelte Greg «Fingers» Taylor mykje med den reine troprocksangeren/låtskrivaren Don Middlebrook og bandet hans Living Soul. Saman spelte dei inn fire album: I Can't Spell Caribbean], Changing Lanes, Boat Drink Island og Traveling Music.
Frå 2006 turnerte Taylor jamleg med songaren og låtskrivaren K.D. Moore og har gjort nokre konsertar med den Atlanta-baserte songaren og låtskrivaren Jim Asbell, og turnerte òg i 2007 med songaren og låtskrivaren Hugo Duarte frå Nord-Carolina. Taylor er med på K.D. Moore sitt konsertalbum, Live at the Tin Goose Saloon frå 2004, Moore-albumet Kickin' It Island Style frå 2006 og var gjesteartist på Asbell-albumet Tropiholics frå 2007.
Taylor er no pensjonert på grunn av Alzheimers. Han er busett i Pearl i Mississippi.
Diskografi
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Greg "Fingers" Taylor» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Graff, Gary (27. mars 2018). «Jimmy Buffett's 20 Best Songs: Critic's Picks». Billboard. Henta 7. desember 2019.
- ↑ Fulton, Ken (May 1981). Music that's fun, funny, & funky. Boys' Life. s. 76–77. Henta 8. april 2023.
- ↑ Mike Demmers (18. november 2003). «Cityhall:Hi Fi Baby». Cityhallrecords.com. Henta 7. januar 2016.
- ↑ «Greg «Fingers» Taylor | Album Discography». AllMusic. Henta 7. januar 2016.