Kim Wilson

amerikansk songar og musikar

Kim Wilson (fødd 6. januar 1951) er ein amerikansk blues-songar og munnspelspelar. Han er mest kjend som solovokalist og frontmann i The Fabulous Thunderbirds på to hitsongar i 1980-åra; «Tuff Enuff»,[1] og «Wrap It Up».

Kim Wilson

Wilson i 1996
Fødd6. januar 1951 (73 år)
FødestadDetroit
OpphavUSA
SjangerBlues
InstrumentVokal, munnspel
Tilknytte artistarThe Fabulous Thunderbirds, Kim Wilson Blues Revue
PlateselskapSevern Records
Verka somMusikar

Karriere endre

Wilson vart fødd i Detroit i Michigan i 1951,[2] men han voks opp i Goleta i California, der han stundom vart kalla «Goleta Slim». Han starta med blues seint i 1960-åra og gjekk i lære hos folk som Muddy Waters, Jimmy Rogers, Eddie Taylor, Albert Collins, George «Harmonica» Smith, Luther Tucker og Pee Wee Crayton og vart inspirert av munnspelspelarar som Little Walter, James Cotton, Big Walter Horton, Slim Harpo og Lazy Lester. Før han flytta til Austin i Texas i 1974, var han leiar for bandet Aces, Straights and Shuffles i Minneapolis i Minnesota. Dette bandet gav ut ein singel. I Austin danna han The Fabulous Thunderbirds med gitaristen Jimmie Vaughan, og dei vart husbandet ved bluesklubben Antone's, eigd av Clifford Antone. Muddy Waters kalla Wilson, «Den beste munnspelspelaren sidan Little Walter».[treng kjelde]

Wilson spelar framleis opp mot 300 konsertar per år på bluesfestivalar og klubbar over heile verda, både som leiar for The Fabulous Thunderbirds og med Kim Wilson Blues Allstars.

Diskografi endre

 
I San Diego 2007

Solo endre

  • Tigerman (1993)
  • That's Life (1994)
  • My Blues (1997)
  • Smokin' Joint (2001)
  • Looking for Trouble (2003)
  • My Blues Sessions: Kim's Mix, Volume I (2006)

Gjesteartist endre

Kjelder endre

  1. Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books Limited. s. 110. ISBN 1-85868-255-X. 
  2. Fabulousthunderbirds.com - biographical details, arkivert frå originalen 20. januar 2008, henta 24. januar 2015 

Bakgrunnsstoff endre