Koordinatar: 59°24′31.194″N 7°56′55.608″E

Grimdalstunet er eit gamalt gardstun i grenda Skaftså i Tokke kommune som no er gjort om til museum. Det er kjent som ein kunstnarheim ettersom bilethoggaren Anne Grimdalen (1899–1961) vart fødd og voks opp her.

Bygningar på Grimdalstunet
Foto: Orf3us

Fjellgarden Grimdalen, som ligg på 630 moh., har ei historie som går attende til 1600-talet, og er eit av dei eldste autentisk bevarte gardstuna i Noreg. Det eldste av dei ti husa på garden er frå seinmellomalderen, det yngste er frå 1850. Anne Grimdalen voks opp her som ein av ti sysken. Då ho døydde i 1961 var allereie ei rekkje av modellane og støypeoriginalane hennar samla i eit tilbygg ved tunet. Etter bortgangen til Anne Grimsdalen tok Tokke kommune over eigarskapen til modellsamlingane hennar. Gardstunet vart gjort om til museum frå og med 1965, og i 1973 vart det opna eit eige museumsbygg for kunsten, i utkanten av gardstunet.

Livet på garden, og livet til Grimsdalen som kunstnar elles, er skildra i livsminna hennar Slik var det, gjeve ut av broren Olav Grimdalen i 2 bind 1973-74. Olav Grimdalen arbeidde også aktivt for å bevare og utvikle Grimdalstunet.

Museet er ein del av Vest-Telemark Museum, og er tilgjengeleg for publikum i sommarsesongen. Museet er både eit allment kulturhistorisk museum knytt til det gamle gardstunet, eit museum over Anne Grimdalens kunst, med i alt ca. 300 objekt, og eit galleri med nye, skiftande utstillingar kvar sommar. Gardsmuseet er framstilt slik husa var i barndommen til Anne Grimdalen. Illustrasjonane til Karl Erik Harr av Draumkvedet er ein del av den faste utstillinga til museet.

Museet ligg langs Fv45, ni km frå Dalen i Tokke.

KjelderEndra