Grimsley Peaks
Grimsley Peaks er fem fjelltoppar som ligg på linje like sør for Stor Hånakken i Napier Mountains i Enderby Land i Antarktis. Dei vart kartlagde av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen i 1936–37. Dei vart kartlagde på ny frå flyfoto tekne av Australian National Antarctic Research Expeditions i 1956 og dei vart namngjevne av Australian Antarctic Names and Medals Committee etter S.W. Grimsley, ein teknisk offiser ved Wilkes-stasjonen i 1961.[1]
Grimsley Peaks | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Napier Mountains | ||
Topp | Enderby Land | ||
- koordinatar | 66°34′S 53°40′E / 66.567°S 53.667°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Grimsley Peaks 66°34′00″S 53°40′00″E / 66.5667°S 53.6667°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Grimsley Peaks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Grimsley Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).