Opna hovudmenyen
Kart over området ved Grimstad jernbanestasjon i 1920. (Ekv.=1m - òg under vatn).

Grimstadbanen var ei jernbanestrekning mellom Grimstad og Rise stasjon i Aust-Agder, opna i 1907 og nedlagt i 1961.

Grimstadbanen vart bygd og driven av private investorar, men overtatt av NSB i 1912. Banen var opphavleg smalspora (1067 mm), men bygd om til normalspor (1435 mm) i 1935. Banen var knytt til TreungenbanenRise stasjon.

Grimstadbanen hadde liten trafikk, og alt i 1939 vurderte NSB nedlegging. I 1961 vart banen nedlagt.[1]

Delar av traséen vart gjort om til veg. Europaveg 18 ligg òg delvis over den gamle strekninga.

LinjekartEndra

Teiknforklaring
  Arendal-Treungenbanen frå Nelaug
  Rise (1907) 44,8 moh.
    Arendal-Treungenbanen til Arendal
  Nokkhaugen (1936)
  19,33 km Løddesøl (1907)
  Steine (1936)
  16,74 km Lindtveit (1907)
  Tykkeris (1937)
  14,82 km Rykene (1907)
  Nidelva
  Stru bru (1939)
  Tørra (1936)
  12,41 km Lia (1907)
  Bringsvær (1937)
  9,19 km Spedalen (1907)
  8,16 km Fjære (1907)
  Rosholt (1939)
  Naudenes (1908)
  sidespor til Roresand
  3,45 km Roresand (1907)
  Lillesandvei (1939)
  Grosvei (1939)
  Grimstad (56 m)
   
    0,00 km Grimstad (1907) 1,7 moh.
    Grimstad jernbanekai

KjelderEndra

  1. Bjerke og Tovås 1989 s. 89 – 93

LitteraturEndra

  • Bjerke, Thor og Tovås, Ove (1989). Togbytte på Nelaug. Lillehammer / Oslo: Norsk Jernbaneklubb. s. 222. ISBN 82-90286-10-4. 

BakgrunnsstoffEndra