Opna hovudmenyen

Treungenbanen er jernbanestrekninga mellom Arendal og Treungen i Nissedal kommune i Telemark fylke. Den nedre delen av banen er framleis i drift som ei sidelinje til Sørlandsbanen og blir i dag kalla Arendalsbanen. Denne artikkelen handlar om banen si første historie, som ein sjølvstendig jernbane frå Arendal til Treungen, og om sidebanen frå Nelaug til Treungen som vart nedlagt i 1967. Fram til 1913 vart Treungenbanen omtalt som Åmlibanen. I dag blir strekninga Nelaug-Simonstad halde ope som godstogspor.

Treungenbanen
Bøilefos bro 2.jpg
Bøylefoss bru
Info
Type Jernbane
Status Nedlagt frå Nelaug til Treungen
Utgangsstasjon Arendal
Endestasjon Treungen
Tal på stasjonar 17
Drift
Opna 1908 (til Froland)
1913 (til Treungen)
Nedlagt 1967
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) Tidlegare NSB
Type trafikk Passasjertog/Malmtog
Teknisk
Køyrestraum 15 kV, 16 ⅔ Hz
(Nelaug–Arendal (1996))
Sporvidde 1435 mm
Lengde 92 km

HistorieEndra

 
Treungenbanen langs Nidelva.
Foto: Anders B.Wilse/Norsk Folkemuseum

Treungenbanen vart planlagt og bygd av NSB som ein lokalbane som skulle knytte Arendal til ein viktig del av opplandet sitt langs Nidelva. Arendal-Åmlibanen vart vedtatt bygd til Åmli i 1894, og strekninga frå Arendal til Froland kunne takast i bruk i 1908. I 1910 kunne banen opnast til Åmli, og i 1913 var banen ytterlegare lengd til Tveitsund eller Treungen, og det var frå dette tidspunktet banen først fekk namnet Tveitsundbanen, som etter kort tid vart endra til Treungenbanen.

Tunnelen ved Arendal stasjon, Barbutunnelen, og to bruer over Nidelva var dei største enkeltarbeida på banen. Den eine brua vart oppført som ei fagverksbru ved Froland kyrkje, den andre brua er Bøylefoss bru ei steinkvelvsbru ved Bøylefoss.[1]

Det vart diskutert å forlenge banen vidare til Fyresdal, men dette vart aldri gjort. Treungenbanen hadde ei sidelinje frå Rise til Grimstad. Denne strekninga var bygd som privatbane, men vart i 1912 overtatt av NSB og drive under namnet Grimstadbanen.

Tømmer- og malmtransport var eit av formåla med banen, og Treungenbanen hadde eigen jernbanekai og godsstasjon like ved hamna i Arendal. Men òg passasjertrafikk var viktig.

Både Treungenbanen og Grimstadbanen vart bygd for smalspora drift, men delar av banelekamen var ferdig profilert for normalspor.

Sørlandsbanen nådde Nelaug i 1935, og den gamle Treungenbanen vart delt i to sidelinjer. Som ei provisorisk ordning var Arendal Sørlandsbanens endestasjon. I samband med det var strekninga Arendal – Nelaug alt i 1935 bygd om til normal sporvidde. Det vart ein vanskelig situasjon den tida da banen frå Nelaug til Treungen framleis var smalspora. Alt gods måtte lastast om på Nelaug.

I 1946 vart òg den delen av Treungenbanen som låg nord for Nelaug bygd om til normalspor. Søftestad gruver var banens store kunde, og det gjekk malmtog fleire gonger i veka til Arendal. Malmen vart eksportert til industrien i Europa, særleg til Tyskland. Enkelte år vart det transportert 30-40 000 tonn malm med banen. Men i 1965 vart drifta av Søftestad gruver innstilt. I 1967 vedtok Stortinget å legge ned jernbanen frå Nelaug til Treungen alt frå same haust. Banen skulle erstattast med betre veg frå Åmli til Nissedal og med bussrute frå Arendal til Vest-Telemark. Riksveg 41, som òg blir kalla Telemarksvegen, følgjer på strekninga Åmli – Treungen for ein stor del den gamle jernbanetraseen. Telemark Bilruter har i dag kombinert rute frå Arendal til Seljord i Telemark.

KulturminneEndra

Fleire bygningar ved den opphavlege Treungenbanen er i dag freda etter lov om kulturminne.

Rise stasjon er stasjonsbygninga og fleire andre bygningar freda.

Den tidligare stasjonsbygninga på Åmli stasjon blir nytta som folkebibliotek.

Sandå stasjon på Treungenbanen vart freda i 2002. Fredinga omfattar eksteriør og interiør av stasjonsbygninga, og eksteriør av privetbygningen. Arkitekt Ivar Næss har teikna bygningane som vart oppført i 1913. Bygningane blir i dag brukt til bustadformål.

Gaukås stasjon vart totalskadd av brann 1. august 2008. Bygninga var fråflytta på grunn av ein konflikt mellom eigarane og eit nærliggande lokalt søppeldeponi.

LinjekartEndra

Teiknforklaring
  336,08 km Treungen (1913)
  Heimdalsvegen (1941)
  330,61 km Tjønnefoss (1913)
  Ilekleiv (1930)
  Høgefoss bru (41 m)
  Lomsdalen (1935)
  Nes (1935)
  Espebu (58 m)
  324,34 km Gaukås (1913)
  Bjorevja (1947)
  318,88 km Øy (1913)
  Liskjeringa (1949)
  313,42 km Sandå (1913)
  Bjørnebakk (1936)
  308,93 km Seljås (1913)
  Epletveit (1948)
  Ferjesundet (1952)
  303,15 km Åmli (1910)
  298,66 km Vallekilen (1910)
  Kløvfjell (186 m)
  Kløvfjell (1955)
  Kauneberget (1911)
  Måmoen (1928)
  292,89 km Suplandsfoss (1944)
  290,69 km Simonstadhaugen (1955)
    Nidarå Trelast
    Straumen (ca. 40 m)
    289,69 km Simonstad (1910)
   
  Fiskådal (71 m)
  Øynes (1949)
  282,50 km Nelaug gamle stasjon (1910)
    Sørlandsbanen frå Kristiansand
  281,41 km Nelaug (1910/1935) 141,1 moh.
    Sørlandsbanen til Drammen
  283,16 km Vimmekilen
  Fv273
  285,54 km Flaten (1910) 140,4 moh.
  286,66 km Flatefoss
  287,22 km Kilane
  288,85 km Haugsjå (1910)
  290,71 km Bøylefossbru (1911) 105,0 moh.
  290,75 km Bøylefoss bru (over Nidelva) (73 m)
  290,83 km Bøylefoss (71 m)
  293,28 km Bøylestad (1910) 75,0 moh.
  294,72 km Langeid
  295,85 km Eivindstad gard
  Kv70
  297,39 km Eivindstad
  299,51 km Froland (1908) 48,0 moh
  Fv157
  300,07 km Nidelva (108 m)
  301,06 km Horvenes
  301,16 km Hurvenes (42 m)
  301,79 km Hurv (- 1989)
  302,50 km Blakstad haldeplass (1989) 15,0 moh.
  302,86 km Blakstad bru (- 1989)
  42 Blakstad bru
  408
  408
  303,51 km Blakstad stasjon (1908 - 1989) 46,0 moh.
  305,40 km Messel
  307,44 km Rise (1907) 44,8 moh.
  Grimstadbanen, nedlagt
  408
  Fv174
  309,77 km Rossedalen (1911)
  Fv175
  312,52 km Bråstad (1908) 38,9 moh.
  313,79 km Stoa (2008)
  42 Sørsvannsveien
  42 Frolandsveien arm til E18
    
  315,26 km Solbergvatn
  42 Frolandsveien
  316,23 km Torbjørnsbu (1911)
  316,42 km Barbu (871 m)
  spor til Jernbaneverkstad
  410 Blødekjærtunnelen
  317,63 km Arendal (1908) 7,6 moh.
  410 Barbudalen
 
  Buttspor for motorvogn
 
    Godsspor i Barbudalen
    410 Kystvegen
    Arendal godshus
    Jernbanekaia, (Barbubukt aust)
    Arendal Tollbodkai (Arendal hamn)


Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Bjerke og Tovås, s. 25

LitteraturEndra

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 266–270. ISBN 82-90286-28-7. 
  • Bjerke, Thor og Ove Tovås: Togbytte på Nelaug. Norsk jernbaneklubb 1989. ISBN 82-90286-10-4

BakgrunnsstoffEndra