Grip fyrstasjon
(Omdirigert frå Grip fyr)
Grip fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein naken holme ved fiskeværet Grip utanfor Kristiansund på Nordmøre.
Foto: Peter John Acklam | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Kristiansund | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1888 | ||
Koordinatar | 63°14.0308′N 7°36.5490′E / 63.2338467°N 7.6091500°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 44,0 | ||
Form | Fyrbygning med raudt tårn | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | 2 okkulterande glimt kvart 8. sekund | ||
Lyshøgd | 47 moh. | ||
Lysvidde | 19 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1977 | ||
Avfolka | 1977 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Grip fyrstasjon 63°14′01″N 7°36′33″E / 63.23361111°N 7.60916667°E | |||
Tårnet er bygd i støypejern og plassert på eit høgt fundament av hogd stein. I tillegg til fyrtårnet finn ein eit betongnaust og to landingar, men landingstilhøva er vanskeleg. Fyret stod ferdig i 1888 og er 44 meter høgt. I 1977 vart fyret avbemanna og automatisert.
Fyret er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 365» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Grip fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Grip fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren