Grong kyrkje
Grong kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 i Grong kommune i Trøndelag fylke. Grong svarer til sokna Grong og Harran i Grong prestegjeld, Namdal prosti i Nidaros bispedømme.
Grong kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Trond Laksaa / kirkenorge.no | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Namdal | ||
Sokn | Grong | ||
Fellesråd | Grong | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Håkon Mosling og Jacob Wilhelm Nordan | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1877 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Grong kyrkje 64°28′01″N 12°17′46″E / 64.467°N 12.296°E | |||
Wikimedia Commons: Grong kirke |
Byggverket er i tre og har 360 plassar.
Tilgang til staden er via Riksveg 760 og Europaveg 6.
Historie
endreFør det noverande kyrkjebygd har det stått kyrkje på same staden. Første kjende kyrkje er frå mellomalderen. Pilegrimsleia frå nord passerer kyrkja.
Skulpturen «Madonna med barnet» frå Grong kyrkje i Namdalen har høyrt til kyrkjesamlinga ved Vitenskapsmuseet sidan 1878. Skulpturen er frå rundt 1250 og viser Maria som himmeldronninga sittande med sonen på det venstre kneet sitt. Målinga på skulpturen er i god stand, og den er derfor ei god kjelde når vi skal studere nordisk skulpturteknikk i mellomalderen.
Kjelder
endre- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Grong kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 214. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Kyrkjesøk
- Grong kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- (de) Kyrkjer i Noreg (Kirchen in Norwegen)