Grov

tettstad i Tjeldsund i Troms
(Omdirigert frå Grovfjord)

Grov er ein tettstad med 411 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Tjeldsund kommune i Troms. Staden ligg på austsida av Grovfjorden. Riksveg 825 og 829 møtest i bygda. Av kommunale tilbod er det barne- og ungdomsskule med symjehall, barnehage, bibliotekfilial og bu- og servicesenter. Det er to mekaniske verksemder der og det vert også drive jordbruk og oppdrett av laks og skjel. Tidlegare vart det laga båtmotorar ved Grov Mek Verksted.

Grov
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tjeldsund
Areal 0,61 km²
Folketal 411  (2023)
Folketettleik 674 / km²
Postnummer 9446 GROVFJORD
Kart
Grov
68°40′42″N 17°07′19″E / 68.678333°N 17.121944°E / 68.678333; 17.121944
Wikimedia Commons: Grov

Kjelder endre