Grundzüge der Phonologie

Grundzüge der Phonologie[1] er hovudverket til den russisk lingvisten Nikolaj S. Trubetzkoy (russisk Николáй Сергéевич Трубецкóй Nikoláj Sergéevič Trubeckój, 1890–1938). Verket blei utgjeve posthumt i 1939.
I "Grundzüge" utvikla Trubetzkoy den mest avanserte og fullstendige strukturalistiske fonologiske teorien gjennom tidene. Her er nokre hovudpunkt i teorien:

  • 1. Fonemet blei definert som eit sett med distinktive trekk, det minimale settet med trekk som var sams for alle allofonane til eit gjeve fonem og som skilde dette fonemet frå andre fonem i språket. Det norske fonemet /p/ har allofonar som [p], [pʰ], [pˑ], [pʷ], [pʰʷ], [pʷˑ], som deler trekka [labial], [ustemd], [plosiv], som også må vere dei distinktive trekka. [labial] er det einaste som skil /p/ frå /t/, /ʈ/ og /k/; [ustemd] er det einaste som skil /p/ frå /b/; [plosiv] er det einaste som skil /p/ frå /f/.
  • 2. Når talet på fonem som førekjem i to ulike kontekstar ikkje er det same, finn vi ofte nøytralisering i den konteksten der det er færrast fonem. Det tyder at opposisjon mellom to eller fleire fonem manglar, og at vi staden finn vi eit arkifonem. Dei distrinktive trekka til arkifonemet er dei trekka som er sams for settet med nøytraliserte fonem. Fremst i norske ord (dvs. i konteksten #_) er det ein distinktiv opposisjon mellom /p/ og /b/, (jamfør det minimale paret /²pine/ pinne vs. /²bine/ binne) men etter /s/ (i konteksten /s/_) er opposisjonen nøytralisert, og vi finn eit arkifonem /P/ med dei distinktive trekka [labial] og [plosiv], til dømes i /²sPine/ spinne).
  • 3. Opposisjonar mellom fonem kan delast i privative, graduelle og ekvipollente på grunnlag av eigenskapar ved dei distinktive trekka:
    • a. Ein opposisjon mellom fonem A og B er privativ dersom A har ein eigenskap som B manglar, som når A er stemt eller runda og B er ustemt (= ikkje stemt) eller urunda (= ikkje runda). Fonemet som har eigenskapen, er merkt (tysk merkmaltragen) og fonemet som manglar eigenskapen, er umerkt (tysk merkmallos).
    • b. Ein opposisjon mellom fonem A og B er graduell dersom A og B har same eigenskapen, men i ulike grad, som når A og B er to vokalfonem med ulik opningsgrad, som /u/ og /o/ eller /o/ og /ɔ/.
    • c. Ein opposisjon mellom fonem A og B er ekvipollent dersom A har ein eigenskap som B manglar, som når A og B har to likeverdige eigenskapar, til dømes to ulike artikulasjonsstader, som når det som skil /p/ og /t/ er at den eine er labial den andre koronal.
  • 4. Trubetzkoy innførte ein eigen terminologi – attåt teorien om distinktive trekk – for å konkretisere kva det ligg i at fonema i eit språk utgjer eit system. I eit fonemsystem går mange av dei same distinktive opposisjonane att fleire stader og skaper ein symmetri. Dette kan illustrerast med konsonantfonemsystemet i søraustnorsk:
labial laminal apikal dorsal glottal
plosiv ustemd p t ʈ k  
plosiv stemd b d ɖ g  
frikativ f s ʃ ç h
nasal m n ɳ ŋ  
approksimant ʋ l ɭ j  
flikk     r    
flapp     ɽ    

Fotnotar endre

  1. N. S. Trubetzkoy 1939. Grundzüge der Phonologie. (Cercle linguistique de Prague 7.) Prague : Le Cercle. Seinare opplag utgjevne av Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen.