Gruppa Vesna

tsjekkisk folkband

Vesna er eit tsjekkisk folkband, etablert i Praha i 2016. Bandet har seks medlemmar og representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med songen «My Sister's Crown».[1]

Gruppa Vesna

Aktiv2016–
Sjangerfolkemusikk

Bakgrunn

endre

Byrjinga (2016)

endre

I 2016 drøymte frontfiguren til bandet, Patricie Kaňok Fuxová, å etablere eit band med berre kvinnelege medlemmar. Som student ved Jaroslav Ježek-konservatoriet i Praha møtte Fuxová fiolinisten Bára Juránková og fløytespelarane Andrea Šulcová og Tanita Yanková.[2]

Bandet skulle hylle og feire femininitet og slavisk systerskap. Bandet blandar tsjekkisk folkemusikk med moderne sjangrar som pop, men ifølgje Fuxová ser ikkje Vesna seg som eit folkband: «Eg ser ikkje på det vi gjer med Vesna som folklore, det er ikkje folkesongar. Slik eg ser det, tek songane våre opp desse stereotypiane[2]

Pátá bohyně (2018)

endre

I 2018 forlot Šulcová og Yankovová bandet og blei erstatta med pianisten Olesia Otsjepovskaja og trommespelar Markéta Mužátková. Same år gav bandet ut sitt fyrste studioalbum, Pátá bohyně (Den femte gudinna). I eit intervju med det tsjekkiske musikkmagasinet Týden, fortalde Fuxová at albumet var inspirert av sjølvopplevde hendingar og tsjekkiske historier og eventyr.[3]

Albumet vann prisen for «årets oppdaging» under den tsjekkiske musikkprisutdelinga Ceny Anděl 2018.[4]

Anima (2020)

endre

Under koronapandemien starta bandet arbeidet og innspelinga av oppfølgjaralbumet Anima. Albumet handla om tema som forholdet mellom menn og kvinner, og om kvinnekroppen.[5]

Eurovision Song Contest (2023)

endre
 
Vesna på scena under Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

I januar 2023 blei Vesna kunngjort som ein av seks deltakarar i ESCZ 2023, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023.[6][7] Resultatet blei avslørt 7. februar 2023, og bandet vann klårt med 10 584 røyster – 6367 røyster meir enn andreplassen.[8] Med sigeren fekk bandet representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest, der dei enda på tiandeplass – den nest beste plasseringa til Tsjekkia siden debuten i 2007.[9][10][11]

Besetning

endre

Noverande medlemmar

endre
  • Patricie Kaňok Fuxová (2016–) – vokal
  • Bára Juránková (2016–) – vokal, fiolin
  • Olesia Otsjepovskaja (2018–) – piano
  • Markéta Mužátková (2018–) – trommer, vokal, gitar
  • Tereza Čepková (2019–) – bassgitar[6][12]

Tidlegare medlemmar

endre
  • Andrea Šulcová (2016–18) – fløyte
  • Tanita Yankova (2016–18; 2023) – vokal, fløyte, piano

Referansar

endre
  1. Farren, Neil (7. februar 2023). «Czech Republic: Vesna to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Abyse každá žena cítila jako bohyně, přeje si dívčí kapela Vesna». iDNES.cz (på tsjekkisk). 9. juni 2018. Henta 10. februar 2023. 
  3. «Vesnapředstavila debutové album Pátá bohyně». TÝDEN.cz (på tsjekkisk). 21. november 2018. Henta 10. februar 2023. 
  4. «Nejvícnominací na Anděly mají Barbora Poláková, Lucie a Kapitán Demo». iDNES.cz (på tsjekkisk). 23. januar 2019. Henta 10. februar 2023. 
  5. iReport.cz. «ROZHOVOR| Vesna: Začíná být zřejmé, že je to pěknej průser». iREPORT – music&style magazine (på tsjekkisk). Henta 10. februar 2023. 
  6. 6,0 6,1 Martin, Olivia (20. april 2023). «Eurovision2023 Czechia profile: 'My Sister's Crown' by Vesna». Aussievision. Henta 17. juli 2023. 
  7. «CzechRepublic: ESCZ 2023 lineup revealed». eurovision.tv (på engelsk). 16. januar 2023. Henta 10. februar 2023. 
  8. «ESCZ2023: The Results | Live Stream | Czech Republic National Final | Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  9. «CzechRepublic: Vesna to Eurovision 2023 with "My Sister's Crown"». Eurovisionworld (på engelsk). 7. februar 2023. Henta 10. februar 2023. 
  10. «Vesna». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  11. «Czechia». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  12. Mariani, Cristiana (9. mai 2023). «Chisono le Vesna, band che porta la Repubblica Ceca all'Eurovision Song Contest 2023» [Who Vesna are: the band bringing the Czech Republic to the Eurovision Song Contest 2023]. Quotidiano Nazionale (på italiensk). Henta 17. juli 2023.