Guðríður Símonardóttir

Guðríður Símonardóttir (159818. desember 1682)[1] var ei kvinne frå VestmannaeyjarIsland som var blant dei 242 menneska tekne til fange av barbareskpiratar i 1627, eit av dei såkalla Tyrkarrana.[2]

Guðríður Símonardóttir
Fødd 1598
Vestmannaeyjar
Død

18. desember 1682 (84 år)

Yrke seglar
Frå Heimaey, den største øya i Vestmannaeyjar.
Foto: Hansueli Krapf

LivEndra

Guðríður var gift med fiskaren Eyjólfur Sólmundarson (død 1636) og hadde ein son, Sölmund. Både ho og sonen blei tekne til fange og førte til Alger, der dei blei selde som slavar.[3]

I 1635 var ho ei av eit lite tal islendingar som blei frikjøpte for pengar samla inn i Danmark, Noreg og på Island. Sölmund måtte vera igjen i Alg er, som fleire andre av ungane til dei bortførte.[3]

Eit trettitals frikjøpte slavar kom til København i 1636. Her fekk dei undervising i lutherdom etter åra i den muslimske verda. Læraren var teologistudenten Hallgrímur Pétursson. Han og Guðríður hadde eit forhold som førte til at ho blei gravid. Som straff for dette utanomekteskapelege forholdet blei begge send til Island. Der kunne dei rekna med dødsstraff for ekteskapsbrot. Då dei kom tilbake til Island viste det seg at mannen hennar var blitt borte på havet ikkje så lenge før. Han hadde også gifta seg opp att og fått fleire barn medan Guðríður var borte, ettersom han rekna med at ho var død.[3]

 
Hvalsnes kyrkje tok imot Hallgrímur og Guðríður.

Sidan det viste seg at Guðríður var enkje kunne ho gifta seg med Hallgrímur, men berre etter ein lengre rettssak. Aldersforskjellen mellom dei to var eit anna problem for omverda - Guðríður var 16-17 år eldre enn Hallgrímur. Paret busette seg på Bolafótur i Ytri-Njarðvík. Hallgrímur fekk endeleg ei prestestilling i 1651.[3] Han var først prest ved Hvalsnes kyrkje og seinare ved Saurbær ved Hvalfjarðarströnd. Paret fekk fleire barn, men to av dei, Guðmundur og Steinunn, døydde unge. Berre eitt av dei, Eyjólfur, levde opp til å bli vaksen. Hallgrímur Pétursson blei etterkvart ein kjend salmediktar.[4] Hallgrímur døydde den 27. oktober 1674 av spedalskheit. Guðríður overlevde han med åtte år.

EttermæleEndra

Guðríður Símonardóttir hadde tilnamnet Tyrkja-Gudda fordi ho hadde budd så lenge hjå dei såkalla tyrkarane. Det gjekk rykte om at ho var blitt ein heidning eller kjettar, og ho skulle ha hatt usømmeleg omgang med muslimar.[3]

Jakob Jónsson skreiv eit episk skodespel om Tyrkja-Gudda i 1952.[5]

Steinunn Johannesdottir skreiv ein historisk roman om henne, Reisubók Guðríðar Símonardóttur, i 2001. Boka blei ein bestseljar på Island og omsett til fleire språk, til norsk som Bortføringen (2006).[6]

KjelderEndra

  1. Guðríður Símonardóttir 1598-1682, vefir.mh.is
  2. SAURBAER, Nordik Adventure Travel
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Jørgen J. Grimstrup (26. mars 2009), «De glemte islandske slaver i Algier», Kristeligt Dagblad 
  4. Hallgrímur Pétursson, timarit.is
  5. Tyrkja-Gudda, leikskald.is
  6. Fiction, p. 44, Forlagid Rights Agency, Iceland