Opna hovudmenyen
Sveinbjörn Beinteinsson var med på å grunnleggja moderne åsatru på Island.

Heidning (norr. heiðingi, truleg samband med 'hei') kan vera eit nedsetjande omgrep om nokon som ikkje høyrer til ei «godkjend» tru (ofte jødedommen, kristendommen og/eller islam), eller eit omgrep personar som ikkje identifiserer seg med ein slik religion brukar om seg sjølv.

Ordet heidning kan eigentleg tyda 'ein som bur på heia'. På latin brukte ein ordet paganus, 'landbuar' som omsetjing av Det gamle testamentet sitt hebraiske gojim og Det nye testamentet sitt greske ethne, som tyder 'folk', 'folkeslag'.

Heidningar i abrahamittiske religionarEndra

 
Biskop Olaus Magnus skildra ulike nordiske heidningar i sitt verk Historia de Gentibus Septentrionalibus frå 1555.

I omsetjingar av Bibelen er «heidningar» personar som ikkje er jødar (hebraisk gojim). Det er ikkje noko nedlatande i dette, berre eit skilje mellom jødar og andre, (som då dyrka andre gudar og høyrde til andre folk / folkeslag) Då evangeliet tok til å spreia seg ut over til andre land, vart dei som tok imot, ofte kalla for heidningekristne. Det markerer at dei to gruppene (jødekristne og heidningekristne) hadde ulikt etnisk og religiøst opphav, men i trua på Kristus, var dei no sett på som eitt folk. Seinare har «heidning» vore mykje brukt om ikkje-kristne og anten kunne omvendast til kristendommen, eller som motstod og forfølgde kristne.

I Koranen er heidningar folk som ikkje er muslimar eller ikkje høyrer til skriftfolket, sjå kafir.

«Heidning» i nyare tidEndra

 
Nyheidensk meditasjon.

I ikkje-bibelsk språkbruk kan ordet heidning i Noreg av somme brukast om personar som ikkje er kristne, av andre om personar som ikkje høyrer til dei store kulturreligionane. Omgrepet er òg blitt bruka som adjektiv; «heidensk», «i heiden jord», «heide og kriste» ('dyr og menneske') og liknande. Det kan dermed visa både til nokon som har ein «heidensk» religion (heidenskap) og om nokon som ikkje har gudstru (ateisme).

Det norske Hedningsamfunn er ein norsk antireligiøs organisasjon med formål å kjempe mot kristendomen sin innverknad, og brukar heidning som heidersnemning for personar som ikkje vil ha nokon religion og ikkje trur på Gud. Tilhengjarar av nyreligiøse grupper som wicca kan bruka «heidning» som eit positivt ord om seg sjølve og andre som føgljer slike religionar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra