Gudmund
mannsnamn
Gudmund er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne namnet Guðmundr er sett saman av guð, 'gud', og mundr, 'vern', eller 'gåve'.
Gudmund har namnedag i Danmark og Noreg den 16. mars og i Sverige den 2. april.
Den islandske forma Guðmundur er eitt av dei mest brukte namna på Island. I Noreg har Gudmund i nyare tid vore mest brukt som namn på nyfødde på 1920- og 1930-talet.
Namneberarar
endre- Gudmund Arason (1161–1237), islandsk biskop
- Guðmundur Andrésson (d. 1654), islandsk språkforskar
- Gudmund Jöran Adlerbeth (1751–1818), svensk diktar og statsmann
- Gudmund Stenersen (1863-1934), norsk målar
- Guðmundur Finnbogason (1873–1944), islandsk filosof og psykolog
- Gudmunds Nils Larsson (1892–1949), svensk sekkepipespelar
- Guðmundur Daníelsson (1910–1990), islandsk forfattar
- Gudmund Harlem (1917–1988), norsk lege og politikar, far til Gro Harlem Brundtland
- Gudmund Restad (f. 1937), norsk politikar
- Gudmund Hernes (f. 1941), norsk sosiolog og politikar
- Gudmund Vindland (f. 1949), norsk forfattar
- Gudmund Skjeldal (f. 1970), langrennar og forfattar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gudmund» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2009.