Gudmund Stenersen

Gudmund Stenersen (18. august 186317. august 1934) var ein norsk målar og illustratør, fødd i Ringsaker i Hedmark. Både måleria og illustrasjonane hans er prega av stilretninga naturalismen, blanda med ein folkeleg tone.

Gudmund Stenersen
Gudmund Stenersen1.jpg
Fødd 18. august 1863
Ringsaker
Død

17. august 1934 (70 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, tannlege, illustratør
Far Stener Johannes Stenersen
Gudmund Stenersen på Commons

Liv og gjerningEndra

 
Midtsommernatt, 1907

Stenersen var fødd i Ringsaker, der far hans var dyrlækjar. Sjølv tok han examen artium på Hamar i 1883, før han utdanna seg til tannlækjar. På fritida dreiv han med måling, og allereie i 1885 vart I Baadstøe akseptert til Høstutstillingen i Kristiania. Etter å ha arbeidd som tannlækjar i Tønsberg frå 1886 til -89, studerte han under Léon Bonnat i Paris 1889-90. Seinare gjekk han i lære hos Fernand Cormon til 1892. Nokre år budde han i Stavanger, men var på studiereiser i Italia både i 1893 og -94. Frå 1898 var han busett i Kristiania.

I all hovudsak måla Stenersen i ein naturalistisk stil, med motiv frå Kristiania så vel som Odal, Gudbrandsdalen, Vestfold og Valdres. Elles portretterte han mange av sine samtidige, framståande personar. Han var også ein dyktig illustratør, noko bøker som Vestlandsviser (1898) av Vilhelm Krag, Fra fjeld og fremmed Land (1900) av Theodor Caspari, Smaafæ (1906) av Hans Aanrud, og hans eiga Besøg i skogen (1905) syner. Stenersen var formann i Tegneforbundet frå 1901 til 1926.

Stenersen er representert i Nasjonalgalleriet i Oslo med Fra Siena frå 1893, og Njosgardene i Valdres (1893-1902). Andre av hans mest kjende verk er Messesøndag frå 1893 og St. Hansbaal frå 1895.

Stenersen døydde i Oslo.

GalleriEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Gudmund Stenersen

KjelderEndra