Hans Aanrud
Hans Aanrud (3. september 1863–11. januar 1953) var ein norsk forfattar av noveller, barnebøker og skodespel.
Hans Aanrud | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. september 1863 Vestre Gausdal kommune |
Død |
11. januar 1953 (89 år) |
Yrke | skribent, skodespelforfattar, lyrikar, novelleforfattar |
Språk | norsk |
Sjanger | novelle |
Ektefelle | Wilhelmine Skioldager |
Hans Aanrud på Commons |
Han vart fødd på garden Aanrud i Auggedalen i Vestre Gausdal. Han var flittig og dyktig på skulen og byrja å studere jus, men gjekk seinare over til filologi. Etter utdanninga jobba han mellom anna som huslærar, kritikar i ulike aviser, teatersjef ved Den Nationale Scene, litterær dramaturg og foreiningsformann.
I 1887 debuterte Aanrud som forfattar i Nyt Tidsskrift med forteljinga Hvordan Vårherre fikk høyet til Asmund Bergemellom og seinare kom han med ei rekke novellesamlingar, til dømes Fortellinger (1891), En vinternatt og andre fortellinger (1896) og Fyrabendsarbeide (1921). Han skreiv òg fem barnebøker; Storkarer (1896), Sidsel Sidserk og andre kjerringemner (1903), Småfe (1906), Sølve Solfeng (1910) og En odelsbonde og andre fortellinger for barn (1917), og tre komediar; Storken (1895), Høyt til hest (1901) og Hanen (1906).
Hans Aanrud var gift med Wilhelmine Skioldager frå Bergen og dei hadde to døtrer. Aanrud budde hos den eine av dei i Lyngdal gjennom heile krigen og kom seg diverre ikkje til Gausdal då han i 1943 vart 80 år og heidra med stor fest i Auggedalen.
Aanrud gjorde Gausdal kjend fordi det var nettopp her handlinga i det meste han skreiv gjekk føre seg, sjølv om det aldri vart direkte nemnd i tekstane. Men alle visste at Aanrud var ein heimstaddiktar, så lesarane vart likevel kjent med bygda gjennom det han skreiv.
Hans Aanrud døydde i 1953, nesten 90 år gammal, men likevel frisk og aktiv til det siste.
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Hans Aanrud hjå Nasjonalbiblioteket
- Peter Hallberg (1963). Harmonisk realism : en studie i Hans Aanruds bondeberättelser. Oslo: Universitetsforlaget.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hans Aanrud» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2008.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |