Opna hovudmenyen

Theodor Caspari (13. februar 185312. februar 1948) var ein norsk diktar som på grunn av sin lyrikk om natur og friluftsliv er blitt kalla «fjellpoeten». Han er best kjend for diktet «Norge, mit Norge».

Theodor Caspari
Theodor Caspari 1933.jpg
Fødd 1853
Christiania
Død

1948
Christiania

Yrke lyrikar, litteraturkritikar

Caspari var fødd i Kristiania som son av den tyske teologiprofessoren Carl Paul Caspari. Han var utdanna lærar og tilsett ved Oslo Katedralskole 1890–1922. Han dreiv òg som kritikar.

Caspari var opptatt av naturen, og bidrog gjennom verka sine til at mellom anna Gjende blei verna frå regulering.

Han gav mellom anna ut «Polemiske Sonetter» (1880), «Tidsbilleder» (1883), «Lyrik og Satire» (1887), «Vildren, et livsbillede fra høifjeldet» (1905) og «Myrmalm, fra norsk natur og folkeliv» (1932).

KjelderEndra