Guineansk skog-savanne-mosaikk
Guineansk skog-savanne-mosaikk (engelsk Guinean Forest-Savanna Mosaic) er ein økoregion danna som eit belte av skog-savannemosaikk som strekker seg igjennom store delar av Vest-Afrika, frå Senegal i vest til dei kamerunske høglanda i aust. Det er ei overgangssone mellom dei øvre guineanske skogane, som består av vestlege guineanske skogar, austlege guineanske skogar og guineansk fjellskog, i sør, og vestsudansk savanne i nord. Regionen går igjennom elleve land, og omfattar eit område på 673 600 km². Landskapet er kjenneteikna av slake åsar, og har ei høgde på rundt 200–500 meter over havet. Det skiftar mellom regnskog, vanleg skog og savanne-område. Nigerelva renn igjennom området. Regionen har eit fuktig tropisk savanneklima, der temperaturen varierer mellom 14 °C og 33 °C, og ein typisk har mellom 1600 og 2000 mm nedbør i året.[1]
WWF har gitt området status Regionally Outstanding i vurdering av kor unikt området er med tanke på biodiversitet, og konserveringstatusen Endangered.[1]
Dyreliv
endreLandskapet er skiftande, med overgangar mellom regnskog, vanlig skog og savannelandskap. Dette gir grunnlag for den store artsrikdommen i området. I regnskogsområda lever mellom anna afrikansk palmerullar, Maxwells duiker, vestafrikansk skogssvin og bongo. I skog- og savanneområda kan ein sjå bavianar, vanleg og raudflanka duiker, hjelmperlehøne, stripa sjakal, dvergkrokodille og løver. I begge regionane er det vestleg sjimpanse og elefantar. I våtmarkene og i nærleiken av elver finst det afrikamanatar, flekkoter og buskbukk.[1]
Det finst to endemiske pattedyr i området, gnagerne Mus mattheyi som finst i Ghana, og Steatomys jacksoni, som finst i Ghana og Nigeria. Utover det er det registert 11 endemiske reptil.[1]
Nasjonalparkar
endreOmrådet er prega av arealendringar i nærleiken av menneskeleg busetnad. Dei største samanhengande delane finst stort sett i nasjonalparkar. Desse er Old Oyo nasjonalpark i Nigeria, Bui nasjonalpark og Digya nasjonalpark i Ghana, Badiar nasjonalpark i Guinea og dessutan Marahoué nasjonalpark på Elfenbenskysten.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den guineanske skog-savannemosaikken» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Guinean Forest-Savanna ved oneearth.org
- Guineansk skog-savanne-mosaikk ved worldwildlife.org