Vestsudansk savanne

Vestsudansk savanne er ein tropisk økoregion med savannelandskap som strekkjer seg gjennom Vest-Afrika.

Vestsudansk savanne
økoregion
Land  Senegal,  Gambia  Benin,  Burkina Faso  Ghana,  Guinea  Elfenbeinskysten,  Mali  Niger,  Nigeria  Togo

Geografi endre

Økoregionen strekkjer seg aust og vest gjennom Vest-Afrika, frå atlanterhavskysten i Senegal til Mandarafjella på austgrensa til Nigeria.

Den tørrare akasiesavannen i Sahel ligg nord for regionen, og den fuktigare guineanske skog-savanne-mosaikken ligg i sør.

Klima endre

Regionen har tropisk savanneklima og varmt steppeklima (Köppenklassifiseringane Aw og BSh) med ei tørketid og ei regntid, og varme temperaturar året rundt. Årlege nedbørsmengder går frå 1000 mm i sør til 600 mm i nord på grensa til Sahel. Nedbør og temperatur varierer etter årstid, med ei varm regntid frå mai til september og ei kjøligare tørketid frå oktober til april. Temperaturane varierer frå 30 °C til 33 °C i den varmaste månaden og frå 18 °C til 21 °C i den kaldaste månaden.[1]

Flora endre

 
Vestsudansk savanne med klumpar av graset Andropogon gayanus i Pamareservatet i Burkina Faso.

Savanne og open skog er dei typiske vegetasjonstypane i regionen. Typiske savannetre er artar frå slektene Combretum og Terminalia, medan bakken er dekt av lange grastypar, urter og buskar. Den dominerande grastypen er Hyparrhenia, som ofte kan nå 1 meter eller høgare. Tre i dei tørrare skogane er vanlegvis mindre enn 10 meter høge, og omfattar artar av Anogeissus og Acacia i tillegg til Balanites aegyptiaca, Combretum glutinosum, Commiphora africana, Prosopis africana, Tamarindus indica og Ziziphus mucronata. Mange tre feller lauvet på høgda av tørketida, og grasa tørkar ofte ut.[1]

Akasietre er mindre vanleg i dei fuktige skogane i område med meir nedbør og langs vassdrag, der Afzelia africana, Burkea africana, Combretum og Terminalia er dominerande. Mindre skogområde med Isoberlinia finst i fuktigare delar av den sørlege delen av økoregionen.[1]

Fauna endre

 
Elefant i Pendjari nasjonalpark i Benin.

I økoregionen finst det fleire større pattedyr, som afrikansk savanneelefant (Loxodonta africana), vestafrikansk sjiraff (Giraffa camelopardalis peralta), kjempeeland (Taurotragus derbianus derbianus), hesteantilope (Hippotragus equinus), afrikabøffel (Syncerus caffer brachyceros), løve (Panthera leo), leopard (Panthera pardus) gepard (Acinonyx jubatus) og afrikansk villhund (Lycaon pictus). Dei fleste store pattedyra er no svært avgrensa i tal og utbreiing.[1]

Vern endre

Ein gjennomgang frå 2017 viste at 233 942 km², eller 14 %, av økoregionen var verna område.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «West Sudanian savanna». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. 
  2. Eric Dinerstein, David Olson, et al. (2017). An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm, BioScience, Volume 67, Issue 6, June 2017, Pages 534–545; Supplemental material 2 table S1b. [1]

Bakgrunnsstoff endre