Gulen og Masfjorden Utvikling

Gulen og Masfjorden Utvikling AS, (GMU), er eit utviklingsselskap for næringslivet i nabokommunane Gulen kommune i Sogn og Fjordane og Masfjorden i Hordaland. GMU har kontor i Sløvåg industriområde med lokale i bygga til Wergeland Holding. Dette er strategisk plassert, då det er fleire verksemder som er basert akkurat i Sløvåg, men GMU har som målsetjing å utvikla næringsliv overalt i Gulen og Masfjorden.

GMU sitt arbeid

endre

GMU si verksemd kan bestå i å gje folk opplæring i å skipa eiga verksemd, laga i stand utviklingsprosjekt for eksisterande verksemder eller andre fellesprosjekt, eller å vera kontaktledd mellom næringsliv og det offentlege. Dagleg leiar driv aktivt med etablerarrettleiing.

GMU samarbeider både med Innovasjon Norge, Gulen Næringsråd og med ulike næringsfond i kommunane. Dagleg leiar i GMU er Torill Torsvik Størkersen.

Aktuelle prosjekt

endre

29. juni 2010 vart verksemda Sløvåg Næringsbygg skipa av GMU, i samarbeid med ymse verksemder i Gulen og Masfjorden. Målsetjinga med dette er å få oppretta eit næringsbygg og næringshage, der dei ulike verksemdene i Sløvåg kan nytta ulike fellestenester. GMU jobbar også med selskapet Fjordgass AS (eitt av selskapa innanfor Wergeland Holding) for å prosjektera gassrøyrleidning for å frakta gass frå Trollfeltet inn til Sløvåg.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre