Gulhovudsilkefugl

art av sporvefuglar
Gulhovudsilkefugl
Gulhovudsilkefugl Foto: Chris Jimenez
Gulhovudsilkefugl
Foto: Chris Jimenez
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gulhovudsilkefugl
Utbreiinga av Gulhovudsilkefugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Silkefuglar Ptilogonatidae
Slekt: Ptiliogonys
Art: Gulhovudsilkefugl P. caudatus
Vitskapleg namn
Ptiliogonys caudatus

Gulhovudsilkefugl (Ptilogonys caudatus) er ein fugl i silkefuglfamilien som lever i fjella i Costa Rica og vestlege Panama, vanlegvis frå 1850 moh. opp til tregrensa.

Bilete frå Costa Rica
Foto: Joshua Stone

Skildring endre

Dette er ein trastestor sporvefugl som veg ca. 37 gram. Gulhovudsilkefuglen har slektskap til sidensvansar, og har mjuk, silkeaktig fjørdrakt slik som den gruppa.

Hannar av gulhovudsilkefuglar er 24 cm lange og har ei bleik grå panne. Resten av hovudet med fjørtopp, nakke, hals og nedre buk er gule. Oversida, nedre bryst og øvre buk er blågrå, og vengfjørene og den lange, spisse halen er svart. Dei ytre halefjørene er flekka med kvitt. Hoa er 21 cm lang og generelt mattare enn hannen, med ei mørkare grå panne, olivenfarga kropp og ein kortare, mindre iaugefallande svart hale. Ungfuglar er lik dei vaksne, men dei sentrale halefjørene er kortare og dei kvite flekkene på dei ytre halefjørene er meir utydelege. Denne arten beitar i små flokkar når han ikkje hekkar, fangar insekt eller tar små frukter, spesielt misteltein. Gulhovudsilkefuglar kviler ofte synlege på høge utsette kvistar. Songen frå gulhovudsilkefuglar er eit gjentatt tji-tjip.

Tilhaldsstadar for denne fuglen er fjellskog, der hekkande par bygger eit fint koppforma reir, 2-18 meter over bakken i eit tre. Nokon gonger hekkar dei i lause koloniar på 2 til 5 par. Hoa legg to brune og lilla-flekte grå egg, som blir ruga av hoa i 16-17 dagar.[1] Ungane blir flygedyktige etter 24 til 25 dagar etter klekking, og blir mata av begge foreldra.[1]

Denne arten er vert til den bitande lusa Brueelia ptilogonis.[treng kjelde]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Chu, 2016
  2. BirdLife International (2016)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulhovudsilkefugl