Silkefuglar
Silkefuglar er ein liten familie, Ptilogonatidae, av sporvefuglar. Familien inneheld berre fire artar i tre slekter. Familien er kalla opp etter den silkeaktige fjørdrakta som desse fuglane ber. Dei finst hovudsakleg i Sentral-Amerika frå Panama til Mexico, men éin art, svartsilkefugl, har utbreiing vidare nordover inn i det sørvestlege USA. Dei er stort sett standfuglar, men svartsilkefugl er trekkfuglar i den nordlege delen av utbreiingsområdet.[1]
Silkefuglar | |
Svartsilkefugl, Phainopepla nitens Foto: Lip Kee Yap
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Silkefuglar Ptilogonatidae Baird, 1858 |
Dei er nært i slekt med sidensvansar, som òg har ei mjuk silkeaktig fjørdrakt. Silkefuglar er vanlegvis grå eller ljos gul i farga. Alle artane, med unntak av svarthovudsilkefugl, har små toppar. Dei varierer i storleik frå 18 til 25 cm i lengd og er for det meste slanke fuglar, igjen med unntak av svarthovudsilkefugl. Alle artane i denne familien syner kjønnsdimorfisme både i fjørdraktfarga og i å ha ein lengre stjert. Ungfuglar av begge kjønn har liknande farger i fjørdrakta som hofuglen.[1] Desse fuglane et frukt og insekt, og svartsilkefugl er spesielt avhengig av ørkenmisteltein, Phoradendron californicum.
Dette er fuglar med habitat i ulike typar skog, halvørken med tre for svartsilkefugl, og dei hekkar i tre.
Dei var tidlegare gruppert med sidensvansar og daddelfugl i familien Bombycillidae.
Artsliste
endreParulaer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Phainoptila
- Svarthovudsilkefugl, Phainoptila melanoxantha, Black-and-yellow Silky-flycatcher, LC, Salvin, 1877
Slekt Ptilogonys
- Gråsilkefugl, Ptilogonys cinereus, Gray Silky-flycatcher, LC, Swainsn, 1827
- Gulhovudsilkefugl, Ptilogonys caudatus, Long-tailed Silky-flycatcher, LC, Cabanis, 1861
Slekt Phainopepla
- Svartsilkefugl, Phainopepla nitens, Phainopepla, LC, Swainson, 1838
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Silky-flycatcher» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2010
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Chu, Miyoko (2005), «Family Ptilogonatidae (Silky-flyctachers)», i del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David, Handbook of the Birds of the World. Volume 10, Cuckoo-shrikes to Thrushes, Barcelona: Lynx Edicions, s. 292–304, ISBN 84-87334-72-5
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av silkefuglar hos Internet Bird Collection