Gullsjakal

pattedyrart

Gullsjakal (Canis aureus), òg kjent som vanleg sjakal og i Austen òg som asiatisk sjakal. Han ein ein av tre kjende artar av sjakalar og høyrer til hundefamilien. Dette er den vanlegaste av sjakalane, og han finst både i det nordlege og austlege Afrika og i sørlege sentrale strøk i Eurasia .

Gullsjakal
Gullsjakal
Gullsjakal
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gullsjakal
Utbreiinga av Gullsjakal
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Hundefamilien Canidae
Slekt: Canis
Art: Gullsjakal C. aureus
Vitskapleg namn
Canis aureus

Gullsjakal minner om ein ulv, men er mindre enn ein setter. Han er gjerne omkring 70-85 cm (60-106 cm er målt) i kroppslengd. Halen er ca. 25 cm lang og skulderhøgda er normalt ca. 38-50 cm. Vekta er normalt kring 8-15 kg. Dei nordlegaste variantane blir som regel størst. I Afrika blir gullsjakal truleg berre unnataksvis meir enn 10 kg.

Pelsen er ganske grov og raudgul med ei kvit markering på halsen. Nokre stadar er han nær  søvfarga over ryggen. Buken er lysare, nær kvit eller bleikgul. Haletippen er alltid svart. Pelsen blir gjerne noko mørkare i vinterhalvåret. Det første tilfellet av melanisme (svarte individ) blei dokumentert mot slutten av 2012.[1] Det er òg små skilnader mellom dei ulike variantane. 

Underartar

endre
  • C. a. aureus
  • C. a. algerensis
  • C. a. anthus
  • C. a. bea
  • C. a. cruesemanni
  • C. a. hadranauticus
  • C. a. indicus
  • C. a. maroccanus
  • C. a. moreoticus
  • C. a. naria
  • C. a. riparius
  • C. a. soundanicus
  • C. a. syriacus

Kjelder

endre