Opna hovudmenyen

Gunhild Hoffmeister (fødd 6. juli 1944) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Forst i Brandenburg som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart europameister på 1500 m i 1974, og tok til saman tre OL-medaljar på mellomdistansane under sommarleikane 1972 og 1976.

Gunhild Hoffmeister
Gunhild Hoffmeister (1972).jpg
Fødd 6. juli 1944
Forst (Lausitz)
Yrke politikar, mellomdistanseløper
Gunhild Hoffmeister på Commons

AktivEndra

Hoffmeister deltok i EM 1969, utan å nå finale. Året etter vann ho 800 m i universiaden i Torino på tida 2.01,8. I 1971 tok ho sølvmedaljen på 1500 m i friidetts-EM i Helsingfors. Ho var også med i 800-metersfinalen, der ho datt.

Under sommar-OL 1972 i München gjorde Hoffmeister to gode løp. På 800 meter fekk ho bronsemedaljen og på 1500 m tok ho sølv. Ho fekk med seg to medaljar også frå EM i friidrett 1974. Meisterskapen, som vart avvikla i Roma, opna for hennar del med sølv på 800 meter bakom Liljana Tomova frå Bulgaria. På avslutningsdagen tok derimot Hoffmeister ein klar siger på 1500 m, framom nettopp Tomova.

I dei olympiske sommarleikane 1976 i Montreal kopierte Hoffmeister prestasjonen på 1500 m frå førre OL og tok ein ny sølvmedalje.

Hoffmeister vart austtysk meister på 1500 m åra 1968-74 og 1976, samt på 800 m åra 1970-74 og 1976. Hennar personlege rekordar er 1.58,61 på 800 m og 4.01,4 på 1500 m, begge oppnådd i 1976. Ho la opp etter OL-sesongen 1976.

KjelderEndra