Gunnhild
kvinnenamn
Gunnhild (Gunhild, Gunnild) er eit kvinnenamn, frå norrønt Gunnhildr, samansett av 'strid' og 'strid '(sic!)
Gunnhild har i Noreg namnedag den 30. januar.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet har vore bruka som førenamn sidan 1400-talet, men bruken av namnet har gått attende inntil det dei aller siste åra har stige kraftig i popularitet
- Ved folketeljinga i 1801 var det 9298 som hadde namnet i ulike skrivemåtar
- Ved folketeljinga i 1900 var det 9308 som hadde dette namnet i formene Gunddild, Gundhil, Gundhild, Gundil, Gunhil, Gunhild, Gunhill, Gunil, Gunild
- I 2008 er det 4214 som har Gunhild til første fornamn, 1197 skriv seg for Gunnhild
Kjende namneberarar
endre- Gunnhild kongsmor, kona til Eirik Blodøks
- Gunhild av Polen, kona til Svein Tjugeskjegg
- Gunhild Ziener (1868-1937), norsk politikar (Ap)
- Gunhild Støver (f. 1925), tidlegare ordførar i Bodø
- Gunhild Øyangen (f. 1947), norsk politikar (Ap)
- Gunhild Halle Haugen (f. 1972), norsk friidrettsutøvar
- Gunnhild Øyehaug (f. 1975), norsk forfattar
- Gunhild Følstad (f. 1981), norsk fotballspelar
- Gunhild Sundli (f. 1985), norsk artist, kjend frå musikkgruppa Gåte
- Gunhild Herregården (f. 1989), norsk fotballspelar
Kjelder
endre- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Gunhild hjå Statistisk Sentralbyrå