Gunnhild Sundli
norsk songar
(Omdirigert frå Gunhild Sundli)
Gunnhild Eide Sundli (fødd 2. juli 1985) er ein norsk artist. Sundli er mest kjend som songarinna i musikkgruppa Gåte frå 1999 til gruppa vart oppløyst i 2005. Ho er fødd og oppvaksen i Orkdal, og bur no i Trondheim. Ho byrja med kveding som 9-åring, og har sidan vore innom både klassisk- og jazz-song. Ho har eksamen i kveding frå Heimdal videregående skole.
Gunnhild Sundli | |||
| |||
Fødd | 2. juli 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Orkdal kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | songar, musikar, skodespelar |
I februar 2006 starta ho som skodespelar med debut i kabareten «Cafe Isogaisa» av Hans Rotmo. Ho held fram i juni med rolla som Anna i Korsvikaspillet i Trondheim. I august spela ho Lucie Nilsdatter Gyldenløve i operaen om Olav Engelbrektsson på Steinvikholmen, før ho deltok i sogespelet «Raud Vinter» i Levanger i september.
Bakgrunnsstoff
endre- Intervju i Avisa Sør-Trøndelag 07.09.2005 Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Intervju i VG 07.09.2005
- Intervju i Adresseavisen 08.10.2005 Arkivert 2007-10-16 ved Wayback Machine.
- Intervju i Verdalingen 09.01.2006 Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Intervju i Byavisa i Trondheim 07.02.2006 Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Nettmøte med Gunnhild Sundli på adressa.no 22.02.2006 Arkivert 2007-10-16 ved Wayback Machine.