Gunvor
kvinnenamn
Gunnvor og Gunvor er skandinaviske kvinnenamn avleidd frå norrøne Gunnvǫr, som er sett saman av namnedelane gunnr, 'strid' og kanskje várr, 'var, forsiktig'. Gunvor har namnedag i Sverige den 3. mars og i Noreg den 3. april.
Bruk
endreNamnet finst som Gunvar på runesteinar, og blei igjen teke i bruk i Skandinavia på 1800-talet.
Gunvor var eit mykje brukt namn for norske jentebarn på 1910- og 1920-talet, då det blei brukt for rundt 1,2 % av jentebarn. I 2009 var det 5 596 kvinner som heitte Gunvor og 702 som heitte Gunnvor i Noreg.
Namneberarar
endre- Gunvor Mjelva (1902-1988), norsk pianist og operasongar
- Gunvor Winberg (1907–1979), svensk skodespelar
- Gunvor Hall (1908–1961), norsk skodespelar
- Gunnvor Advocaat (1912–1997), norsk bildekunstnar
- Gunvor Galtung Haavik (1912–1977), norsk ambassademedarbeidar i Moskva, arrestert for spionasje
- Gunvor Svensson Lundkvist (f. 1916), svensk kunstnar
- Gunvor Hofmo (1921–1995), norsk diktar
- Gunvor Stornes (f. 1924), norsk lyrikar
- Gunvor Pontén (f. 1929), svensk skodespelar
- Gunvor Margaret Schnitler (f. 1930), norsk politikar (H)
- Gunvor Gjessing (f. 1932), norsk journalist
- Gunvor Risa (f. 1943), fyrsteamanuensis i norsk
- Gunvor Hals (f. 1953), programvert i NRK Fjernsynet
- Gunvor G. Ericson (f. 1960), svensk riksdagsrepresentant for Miljöpartiet de Gröna
- Gunvor Eldegard (f. 1963), norsk stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet
- Gunvor Ulstein (f. 1969), norsk konsernsjef
Kjelder
endre
- Søk etter norsk namnestatistikk for Gunvor hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Gunvor» frå Wikipedia på bokmål, og «Gunvor» frå Wikipedia på svensk den 2. april 2009.