Gustaf Renvall
Gustaf Reinvald (fødd 23. september 1781 i Halikko, daud 22. januar 1841 i Björneborg) var ein finsk språkforskar.
Gustaf Renvall | |||
Fødd | 1781 Halikko | ||
---|---|---|---|
Død | 1841 | ||
Nasjonalitet | Storfyrstedømmet Finland, Sverige | ||
Yrke | leksikograf, lingvist, prest, skribent | ||
Institusjonar | Kungliga Akademien i Åbo | ||
Alma mater | Helsingfors universitet |
Liv og virke
endreReinvald vart student i Åbo i 1801, prestvigsla i 1806 og filosofie magister i 1810. I 1811 vart han dosent i finsk ved Kungliga Akademien i Åbo etter å ha gjeve ut den andre delen av serien De orthoepia et orthographia linguæ fennicæ som handla om den rette uttalen av det finske språket og om rettskriving. Seinare (1815–17) utgav han ein annan serie: De signis relationum nominalium inn lingua fennica, som handsama nominalbøying i finsk. I 1813 vart han utnemnd til adjunkt i pedagogikk.
På oppfordring av språkforskaren Rasmus Rask og betalt av ein russisk mesenat, utarbeidde og utgav Renvall 1823–26 det berømte verket sitt Suomalainen sanakirja, Lexicon linguæ fennicæ, ei ordbok primært laga for språkforskarar, der han gav tydinga til orda på latin og tysk, somme gonger òg den svenske tydinga. Denne ordboka var i meir enn tre tiår hovudkjelda til kjennskap om finsk i akademiske krinsar. I 1840 utgav Reinvald Finsk språklära enligt den rena vestfinska dialecten. Eit anna viktig arbeid var den endelege redaksjonen av det første nye finske salmebokforslaget. I 1819 vart han sokneprest i Uskela og i 1829 i Ulvsby. Etter å ha gjeve ut ordboka fekk Renvall tittelen professor i 1827, og vart heidersdoktor i teologi i 1830.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gustaf Renvall» frå Wikipedia på svensk, den 25. mars 2023.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Renvall, Gustaf i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1915)
- Renvall, Gustaf i Uppslagsverket Finland (webbupplaga, 2012). CC-BY-SA 4.0