Gustavo Aguerre
Gustavo Aguerre (fødd 1953) er ein svensk-argentinsk kunstnar som arbeider innanfor ulike kunstartar (datagrafikk, grafikk, fotografi, installasjon, videokunst, måleri, skulptur, objekt, teikning).
Gustavo Aguerre | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 1953 (71 år) Buenos Aires |
Yrke | fotograf |
Aguerre er fødd i Buenos Aires i Argentina. Han flytta til Tyskland, der han studerte ved kunstakademiet i Münchn frå 1974 til 1976. I 1984 kom han til Stockholm, der han busette seg fast. Saman med kona si, Ingrid Falk (fødd 1960), har han danna ei kunstnargruppe kalla FA+. Denne gruppa har mellom anna stått for den såkalla Sitatgata i Oslo, som har Henrik Ibsen-sitat skrivme med rustfrie stålbokstavar nedfrest i fortaua, og ei tilsvarande i Stockholm med August Strindberg-sitat, skrivme med måling under Strindbergsfestivalen i 1994 og erstatta i 1998 med stålbokstavar.[1]