Guttorm Fløistad
Guttorm Fløistad (28. mai 1878–22. juli 1953) var ein gardbrukar, lensmann og politikar frå Austre Moland. Han var fyrst medlem av Arbeidarpartiet, sidan av Høgre. Frå 1913 til -15 var han stortingsrepresentant for Nedenes amt. Ivar Fløistad var far hans.
Guttorm Fløistad | |||
Fødd | 28. mai 1878 Austre Moland kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 22. juli 1953 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Far | Ivar Fløistad | ||
Alle verv |
|
Fløistad gjekk 1895-96 på Viggo Ullmann sin folkehøgskule i Seljord, og 1897-98 landbruksskulen i Fjære. Frå 1900 var han gardbrukar på Mørfjer i Stokken, to år seinare vart han også lensmann i Stokken. I 1923 tok han over farsgarden Fløystad i Austre Moland og busette seg der. Han var lensmann for både Austre Moland og Stokken frå 1921 til 1943, då han vart avsett av NS-styret. På ny lensmann 1945-48.
Han var medlem av heradsstyret i Austre Moland 1904-1919 og 1934-1940. I perioden 1919-23 var han medlem av Stokken heradsstyre, dei tre fyrste åra var han ordførar. Mellom dei mange verva han hadde, kan ein nemne at han var formann i Aust-Agder folkevæpningssamlag 1901-10 og i Aust-Agder mjølkesentral 1931-48.
Fløistad representerte Arbeidarpartiet og Nedenes krins i Aust-Agder på Stortinget 1913-15, han var medlem av justiskomite nr 2. I den fyrste stortingsperioden etter 2. verdskrigen var han 1. vararepresentant til Stortinget for Høgre i Aust-Agder.
Fløistad vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1947.
Kjelde
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914