György Ligeti

ungarsk komponist

György Sándor Ligeti (28. mai 192312. juni 2006) var ein dei viktigaste komponistane innanfor kunstmusikken på 1900-talet. Han blei fødd inn i ein ungarsk, jødisk familie i Transilvania, Romania, men budde i Ungarn før han i 1956 emigrerte til Austerrike.

György Ligeti

Fødd28. mai 1923
FødestadTârnăveni
Død12. juni 2006 (83 år)
DødsstadWien
Fødenamnungarsk Ligeti György Sándor
OpphavUngarn, Austerrike
Sjangeropera
Instrumentpiano
PlateselskapDeutsche Grammophon
Verka somkomponist, musikkpedagog, universitetslærar, pianist, musikar, librettist, illustratør
FarSándor Ligeti
Gift medVera Ligeti
BornLukas Ligeti
PrisarKossuthprisen, Ehrenring der Stadt Wien, Bach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Theodor-W.-Adorno-prisen, Balzanprisen, Praemium Imperiale, Léonie Sonnings musikkpris, Schockprisen i musikk, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, Berliner Kunstpreis, Grawemeyer-prisen, Goethemedaljen, Wihuri Sibelius-prisen, Preis der Stadt Wien für Musik, Kyotoprisen for kunst og filosofi, Ernst von Siemens’ musikkpris, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Grawemeyer Award for Music Composition, Østerrikes æreskors for vitenskap og kunst, Frankfurter Musikpreis, Pour le Mérite, Medaille für Kunst und Wissenschaft (Hamburg), Medaille für Kunst und Wissenschaft (Hamburg), æresborger av Budapest, Royal Philharmonic Society Music Awards
György Ligeti til venstre

Musikken Ligeti skreiv i Ungarn, var tydeleg inspirert av Béla Bartók, og dei mest modernistisk orienterte verka blei slått hardt ned på av den sovjetiske sensuren. Etter å ha flytta frå Ungarn, komponerte Ligeti verk med vekt på teksturar (inspirerte av elektronisk musikk), mikro-polyfoni (som han sjølv kalla det), og klangflatar. I 1970-åra trer rytmen fram som eit viktig element, og i 1977 komponerer han sin einaste opera Le Grand Macabre. Ved overgangen til 1980-talet er det ein periode med få verk frå Ligeti; det var ein periode som blei brukt til utviklinga av ein ny stil. Den innebar ein mindre tett kromatikk, ein hang til å favorisera små og store tersar, samt komplekse og maskinaktige polyrytmar. Blant dei mest kjende verka frå denne siste perioden er pianokonserten (som han kalla eit estetisk credo), fiolinkonserten og Hamburg-konserten.

I 1993 vart Ligeti tildelt Ernst von Siemens’ musikkpris.

Hjå det store publikummet er verka til Ligeti best kjent gjennom filmane til Stanley Kubrick, og då spesielt 2001: A Space Odyssey.

Kjelder

endre