Brikt Jensen
Brikt Jensen (15. september 1928–14. november 2011) var ein norsk forleggjar, forfattar, professor og programleiar frå Bergen.
Brikt Jensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1928 Bergen |
Død |
14. november 2011 (83 år) |
Yrke | skribent |
Born | Ingebrigt Steen Jensen, Øyvind Steen Jensen, Ragnhild Steen Jensen |
Biografi
endreEtter oppveksten i Bergen og noko arbeid i avisa Dagen, starta Jensen studia sine ved Universitetet i Oslo i 1949. Her vart han utdanna til mag. art, cand. philol og fekk doktorgrad i litteraturhistorie i 1964. Doktorgradsavhandlinga handla om den franske forfattaren François Mauriac og hadde tittelen Diktning eller psykologi.
Frå 1957 - 1959 jobba Jensen som lektor i norsk ved Universitetet i Strasbourg, og etter eit par nye stillingar vart han tilsett som kontorsjef ved UiO. Han tok også til som litteraturkritikar, både i Frisprog og Verdens Gang. Då Jensen i 1962 skreiv ei innstilling til kyrkje- og undervisningsdepartementet, bidrog han sterkt til skipinga av Norsk kulturråd og Norsk kulturfond. Han fekk Bastianprisen i 1964 for si omsetjing av André Gide si Falskmynterne.
I 1964 vart han redaktør i Gyldendal sitt tidsskrift, Vinduet, og året etter vart han assisterande direktør i Gyldendal. Jensen fekk mykje å seia for forlaget Gyldendal, då han var administrerande direktør frå 1970 - 1980 og deretter hovudkonsulent.
I 1984 vart han programleiar for NRK sitt Bokstavelig talt, ein litterær fjernsynsserie. I 1988 vart han utnemnd til professor II i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. I 1990-åra jobba han også som litteraturanmeldar i Dagbladet.
Brikt Jensen vart i sitt fyrste ekteskap far til Ingebrigt Steen Jensen. Hans andre ekteskap varte fram til kona døydde i 2003.
Verv
endre- Formann i Selskapet for utgivelse av Gamle Norske Håndskrifter 1969–79
- Formann i Den norske Forleggerforening 1972–75
- Formann i Kommunale Kinematografers Landsforbund
- Formann i Norsk Kino- og Filmfond 1982–85
- Formann i Statens Bibliotekråd 1985–87
- Medlem i Pressens faglige utvalg 1986–92
- Viseformann i Foreningen Norden 1969–72
- Styremedlem i Henie-Onstad Kunstsenter 1970–91
- Styremedlem i Nationaltheatret 1975–79.
- Medlem i International Publishers' Association 1972–80
- Formann i Stabæk Fotball 1977-79
Verk (utval)
endre- Diktning eller psykologi? dr.avh., 1963
- Glimt fra det 20. århundres litteratur, 1966
- Brev fra et steinhus, 1976
- Hver dag, 1980
- Et varig vennskap. 46 brev fra Nordahl Grieg til Nils Lie 1928–43, 1981
- Sigurd Hoel om seg selv, 1981
- Det moderne gjennombruddet i nordisk litteratur, 1986
- Fotnoter til en uskreven bok, 1988
- Vår egen litteratur. Brikt Jensens lesebok for de tusen hjem, 1991
- Selvangivelse, 1993
- Min korsikanske landsby, 1995
- Ordspråkleksikon, 1996
- På sporet av det 20. århundre. En litterær reise 1900–1951, 2 bind, 1999–2000