Gyngehest
Soge
endreDei eldste omtalane av gyngehest ein kjenner til er frå 1600-talet. Leiketøyet kombinerer vogga, leikehestar med hjul og sete ein pleide trena til dyst med lanse på.
Tidlege gyngehestar var laga av avrunda plankar med eit sete mellom. Dei kunne vera pynta med påmalte kroppar og føter, mønster eller ein scene som sett gjennom beina på hesten. Med tida utvikla ein også dyrare, utskorne og meir naturtru hestar. Den siste forma blei særleg populær i England, medan bruken av plankehesten varte ved i Tyskland.
Forbetring av møbelsnekring og innførsel og utvikling av fleire hesterasar førte på kvar sin måte til fleire og meir forseggjorte gyngehesttypar. Desse hestane kunne vera vanskelege å sitja på, og kunne brukast til tidleg rideøving.
På 1800-talet voks bruken av hestar til transport og fritidsriding, og samtidig auka leiketøysforbruket. Det blei vanleg å avbilda barn på gyngehestar i fotografi, og ein fann ofte leiketøyet i illustrasjonar. Det blei også utvikla nye versjonar av gyngehesten, til dømes ein som stod fast på eit metallstativ og slik ikkje kunne øydelegga golv. Gyngehestmakarar kunne også laga hestar med hjul som ein kunne springa med, tidlege springesyklar.
På 1900-talet tapte gyngehesten terreng for leiktetøy som lettare kunne masseproduserast, som vipper med fjøring. Ein fekk også karusellhestar og etterkvart ulike elektriske gyngeapparat, som bilar og tog som gynger automatisk. Gyngehesten blei likevel ikkje gløymd. Ein kan framleis få leika i ulike utformingar, frå enkle plankeformer til handlage utskorne hestar.
Bilde
endre-
Naturtru gyngehest med sal og seletøy utstilt ved Stiftung Stadtmuseum Berlin.
-
Gut på stor gyngehest i Leipzig i 1923.
-
Gyngehest som ei tidleg tomannsvippe, med eit sete på kvar ende av meiane.
-
Vippehestar med fjøring.
Kjelder
endre- Toy Horses ved vam.ac.uk (V&A Museum of Childhood)