Håkøya
Håkøya er ei øy i Tromsø kommune i Troms. Øya ligg i Sandnessundet mellom Kvaløya og Tromsøya, søraust for Eidkjosen på Kvaløya.
Håkøya | |
---|---|
Sida av Håkøybrua med Håkøya i bakgrunnen Foto: Peter Kaino Jensen | |
Geografi | |
Koordinatar | 69°39′22″N 18°48′10″E / 69.65611°N 18.80278°E
|
Areal | 3,69 km²
|
Høgaste punkt | Skjellstonghaugen (105 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Troms fylke
|
Toppen av Håkøya er skogkledd, medan det langs kysten er bustadhus, hyttar og gårdsbruk. Øya er knytt til Eidjordneset på Kvaløya med kommunal veg over den 330 meter lange Håkøybrua. Den opphavlege brua var bygd i tre, men overdelen vart i 2004 erstatta med stål og betong.
Det tyske slagskipet «Tirpitz» låg ved Håkøya frå 15. oktober 1944, og vart senka der av engelske bombefly den 12. november same år. Eit minnesmerke over dei ca. 1200 falne på «Tirpitz» står på Håkøya. Vraket av «Tirpitz» vart hogd opp, men ein del vrakrestar ligg framleis der skipet sokk.