69°37′47.269″N 18°43′25.036″E / 69.62979694°N 18.72362111°E / 69.62979694; 18.72362111 Håkøybotn er ei bukt i Tromsø kommune i Troms. Ho ligg sør på Kvaløya og strekkjer seg frå Håkøybrua til Marisletta, og kan delast inn i Nordbotn og Sørbotn.

Landskapet rundt Håkøybotn består stort sett av skogkledde fjordsider med jordbruk og busetnad, sett bort frå ved dei flate og stort sett uberørte myrområda ved den sørlege delen av Sørbotn.

Riksveg 858 går sørfrå langs Kvaløysida av Håkøybotn til Eidkjosen, der vegen møter Riksveg 862, som held fram til Sandnessundbrua og Tromsøya.

Det tyske slagskipet «Tirpitz» vart senka mellom Håkøybotn og Håkøya den 12. november 1944 av britiske bombefly. I alt 971 tyske marinesoldatar miste livet.

Namnet «Håkøybotn» vert òg brukt om busetnaden i den inste delen av Sørbotn, som består av ei blanding av eldre gardsbruk og einebustadsfelt frå 1980-talet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre