Fylkesveg 858
Fylkesveg 858 | |||
---|---|---|---|
858 | |||
Strekning | |||
Tømmerelvbrua i Balsfjord – Eidkjosen i Tromsø | |||
Informasjon | |||
Lengd | 82,9 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
- Sjå òg fylkesveg 858 (fleirtyding)
Fylkesveg 858 (Fv858) går mellom Eidkjosen i Tromsø kommune og Tømmerelvbrua i Balsfjord kommune. Vegen er 82,9 km lang utanom ferjestrekninga.
Vegen går nordover på vestsida av Balsfjorden forbi Storsteinnes til Nyvik, deretter vestover langs Nordfjorden til Mestervik, deretter over til Balsfjorden igjen og vidare nordover langs vestsida til Vikran der det går ferje over Straumsfjorden til Larseng på Kvaløya. Frå Larseng går vegen vidare på austsida av Kvaløya til Eidkjosen.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
endre- 862 Eidkjosen
- Kommunal veg frå Eidjordneset via Håkøybrua (330 m) til Håkøya
- Håkøybotn
- Fv54 frå Larseng til 862 Brensholmen (Hillesøy) (38,2 km)
- Ny undersjøisk vegtunnel under bygging han er ikkje namngjeven enno. Prosjektet heiter Ryasambandet, og er venta ferdigstilt hausten 2011.
Han vil erstatte;
- Ferje frå Larseng på Kvaløya (for det meste 1 tur/time, 15 min)
- til Vikran på fastlandet.
- Fv286 Vikran