Håkon Øvreås

norsk forfattar

Håkon Øvreås (fødd 5. april 1974)[1] er ein norsk forfattar. Han debuterte i 2008 med diktsamlinga Avstanden mellom hus, og den andre samlinga hans, Grevlingvariasjonene, kom i 2011.[2]

Håkon Øvreås
Håkon Överås 2014 02.JPG
Nasjonalitet Norsk
Fødd 5. april 1974 (47 år)
Noreg
Yrke skribent, lyrikar
Påverka av Arild Nyquist
Periode 2008-
Debut Avstanden mellom hus
Håkon Øvreås på Commons

Øvreås er utdanna master i litteraturvitskap frå Universitet i Oslo og masteroppgåva hans frå 2008 heiter Forfatteren og hans forunderlige verk : en teoretisk undersøkelse av forholdet mellom forfatter og verk med utgangspunkt i en lesning av Arild Nyquists roman Giacomettis forunderlige reise.

Håkon Øvreås fekk Nordisk Råds Barne- og Ungdomslitteraturpris 2014 for boka Brune.[3]

BøkerEndra

  • 2008 – Avstaden mellom hus, diktsamling
  • 2011 – Grevlingvariasjonene, diktsamling
  • 2013 – Brune, barnebok
  • 2014 – Kjærlighet er den Ting, diktsamling
  • 2015 – Svartle, barnebok
  • 2018 – Blåse, barnebok

ReferansarEndra

  1. ««Håkon Øvreås»». forfatterkatalogen.no. Henta 2. april 2012. 
  2. ««Håkon Øvreås»». Nettstaden til Cappelen Damm. Henta 2. april 2012. 
  3. «Håkon Øverås tildelt pris». 

BakgrunnsstoffEndra