Håvard Skorstad (fødd 12. februar 1973) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han markerte seg som langrennar fyrst i 1998-sesongen, då han vann bronsemedaljen på 10 km under noregsmeisterskapen, mindre enn åtte sekundar bak vinnaren Anders Eide og vel to sekund bak Tor Arne Hetland. Seinare same sesongen debuterte han i verdscupen på femmila i Holmenkollen med 51. plass. Dei neste åra vart det få startar i verdscupen, fyrst i 2001 vart det fleire renn på han. Ein 11. plass i Holmenkollen var største prestasjonen. 2002-sesongen vart Skorstads beste sesong, med sølvmedalje på NM-tremila bak Odd-Bjørn Hjelmeset, og ein femteplass i Birkebeinerrennet, som det året var verdscuptevling. Han gjekk sitt siste verdscuprenn i Kuusamo, seint i 2004. Seinare satsa han mest på dei verkeleg lange løpa, har fleire gongar hevda seg i Vasaloppet. På topplan tevla han for Ski- og fotballklubben Lyn og for Rustad Idrettslag.

Håvard Skorstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1973 (51 år)
Hønefoss
Idrett langrenn

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 2001: Nr 11 på 50 km i Holmenkollen
  • 2002: Nr 5 på 58 km, Rena-Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre