Høgdebrotet
Høgdebrotet (2226 moh.) er eit fjell på høgresida av Tjønnholstinden når ein køyrer over Valdresflye. Oppå er fjellet flatt, men det har stup på fleire kantar, særleg mot nord. Tinden er enkel å nå frå toppen av frå Steinflya.
Høgdebrotet | |||
fjell | |||
Ut Memurudalen sørover mot Gjende og Høgdebrotet i bakgrunnen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Vågå (Innlandet) | ||
Fjellkjede | Jotunheimen | ||
Høgd | 2 226 moh. | ||
Førstestiging | Reinjegerar var her truleg først | ||
Høgdebrotet 61°27′10″N 8°40′10″E / 61.45277778°N 8.66944444°E |
På toppen av brotet spelte tyskarar inn propagandafilm som skulle førestille Kaukasus under krigen. Restar av ammunisjon med prosjektil av treverk finst enno bevart mellom steinane. I Leirungsdalen like ved er det òg ein plass der ein kan sjå restar etter tyskarane sin aktivitet under krigen, dei såkalla Tyskarvollane.
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.