Ryfast er namnet på eit ferjefritt vegsamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren. Prosjektet inneber eit fastlandssamband mellom E39 ved Stavanger og Solbakk ved Tau, noko som mellom anna kortar ned reisetida for dagpendlarar som tidleɡare nytta ferjesambandet Tau-Stavanger. Prosjektet har som mål å skaffe øya og bydelen Hundvåg i Stavanger eit nytt fastlandssamband for å avlaste Bybrua i Stavanger og austlege bydelar i Stavanger. Høgsfjordsambandet Oanes-Lauvvik vil etter planen bli nedlagd, men både Sandnes og Forsand kommunar ønskjer å oppretthalde ferjedrifta[1]. Kostnadsoverslaget ligg på 5,5 milliardar kroner og prosjektet skal finansierast med bompengar. Ryfast har vore svært omstridd lokalt, og det har blitt fremja krav om folkerøysting i Ryfylke. Prosjektet blei likevel vedtatt av Stortinget i 2012, og har planlagd opning i 2012[2]

Bakgrunn og historikk endre

Rammene for prosjektet er lagt i «Fylkesdelplan for areal og transport i Ryfylke 2002-2011». Men tanken om fast vegsamband mellom Ryfylke og Jæren er gamal. På 1970-talet kom det fram ein idé om å utvikle ei røyrbru over Høgsfjorden for å realisere eit slikt samband. Konseptet for ei røyrbru inneber ein hol konstruksjon i stål og eller betong med oppdrift. Ho skal vere ankra fast i havbotnen nokre meter under havoverflata slik at skipstrafikk kan passere over utan hindring. På 1980 og 1990-talet vart det gjennomført fleire utredningar for fjordkryssinga og næringsliv med verksemder i fylket som for eksempel Rosenberg verft stødde idéen om røyrbru. Som eit ledd i å arbeide ut underlagsmateriell for ei avgjersle om godkjenning av prosjektet vart det i 1995 og 1996 gjennomført forskings- og utviklingsarbeid av Statens vegvesen i samarbeid med ei gruppe private verksemder. I 1998 gjekk Fylkestinget i Rogaland inn for å realisere røyrbruprosjektet mellom Oanes og Lauvvik, men prosjektet vart aldri prioritert sentralt. Tidlegare på 1990-talet kom undersjøiske vegtunnelar som for eksempel Rennfast og Ellingsøy-Ålesund-tunnelen. Prosjekta synte at slike lange fjordkryssingar var moglege, og røyrbrualternativet blei mindre attraktivt då det kom framlegg om å greie ut mogleg realisering av undersjøisk vegtunnel direkte frå Solbakk i Strand kommune til Stavanger.

Ei eventuell nedlegging av Høgsfjordsambandet vil forlenge vegen for brukarar av ferjesambandet slik at folk som i dag reiser den relativt korte strekninga mellom Forsand og Sandnes via Høgsfjordsambandet i framtida må reise gjennom Stavanger. Det har òg komme fram kritikk mot at gjennomføringa av Ryfast-planen vil kanalisere mykje ekstra trafikk gjennom Stavanger, på ein allereie svært købelasta E39 sør for Stavanger. Det har òg blitt hevda at Stavangerpolitikarar har tatt over prosjektet for å løyse lokale trafikkproblem mellom Hundvåg og sentrum. Dette er nokre av årsakene til at det blei danna ei privat gruppe som har utreda tre nye alternative prospekt for å krysse Høgsfjorden [1] Arkivert 2007-10-09 ved Wayback Machine. som eit motsvar til Statens vegvesen sin Ryfast-plan.

Innhald i planane for Ryfast-prosjektet endre

Statens Vegvesen sine planar for Ryfast-realiseringa inneber bygging av to (tidlegare tre) tunnelar:

Ryfylketunnelen endre

Ryfylketunnelen mellom Solbakk i Strand kommune og Hundvåg i Stavanger kommune. Han vil verta om lag 14 km lang, og vert med det den lengste undersjøiske vegtunnel i verda. Tunnelen er dimensjonert for 10 000 køyretøy per døgn, og vert bygd med to løp og fire felt. Grunna lengda på over 14 km vert det behov for ventilasjon. Ei ventilasjonssjakt er planlagd på øya Hidle, der urein luft frå den eine enden vert blåsen ut, samstundes som frisk luft vert soge ned for å blåsast vidare mot andre enden. Munningen på Ryfylkesida vil koma vel ein km nord for tettstaden Solbakk kor trafikktyngdepunktet i området kan koma. På "bysida" skal Ryfylketunnelen opp i dagen på Hundvåg i Stavanger.

Hundvågtunnelen endre

Hundvågtunnelen mellom Hundvåg og Stavanger sentrum. Han er planlagt under Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger. Denne tunnelen skal i tillegg til å føra ryfylketrafikken vidare mot Stavanger, òg tena som supplerande fastlandssamband saman med Bybrua for øya Hundvåg. Denne tunnelen vil verta om lag 4,5 km lang, og er den kortaste i Ryfast. Tunnelen er dimensjonert for 20 000 køyretøy per døgn. Dagsona på Hundvåg mellom Solbakktunnelen og Hundvågtunnelen vil bli mellom 250 og 300 m lang, og her er det planlagt ei rundkøyring som fletter inn lokal trafikk til og frå Hundvåg.

Tunnel Espedal-Frafjord (tatt ut av prosjektet) endre

Prosjektet inkluderte ei stund Espedal-Frafjordtunnelen mellom Frafjord i Gjesdal kommune og Espedalen i Forsand kommune, men denne blei tatt ut av fylkespolitikarane, sidan dei samla kostnadane på prosjektet blei så høge[3]. Den ville ha blitt 5,1 km lang, og kunne hatt stor betydning som turistveg, men òg som samband mellom bygder i søre Ryfylke.

Kjelder endre

  • Statens Vegvesen: Ryfast
  • Surnevik, Per: Nye transportlinjer i øy- og fjordsamfunnet. Artikkel i Rogaland, Gyldendal Norsk Forlag 1979.
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 7. september 2012 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. februar 2020, henta 7. september 2012 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 7. september 2012