Høyangertunnelen
Høyangertunnelen er ein 7543 meter lang tunnel på fylkesveg 55 i Høyanger og Sogndal kommunar i Vestland. Tunnelen går mellom Høyanger og Bolstad, på nordsida av Sognefjorden. Arbeidet med tunnelen byrja 20. mars 1977, gjennomslaget kom 2. oktober 1980.[1] Tunnelen vart opna av kong Olav V den 25. mai 1982. Høyangertunnelen avløyste fergesambandet mellom Kongsnes og Nordeide, og gav Indre Sogn helårs vegsamband med resten av fylket.
Veg | 55 |
---|---|
Bane | 6 |
Lengd | 7 543 |
Opna | 1982 |
![]() Høyangertunnelen |
Høyangertunnelen var den lengste vegtunnelen i Noreg då han vart opna. I dag er han 3. lengst i Sogn og Fjordane, etter Lærdalstunnelen og Gudvangatunnelen.
Sjå ògEndra
ReferansarEndra
- ↑ «Nord-Europas lengste veitunnel i Høyanger». Aftenposten: 40. 2. oktober 1980.
- Denne artikkelen bygger på «Høyangertunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2019.