Høykanon er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å transportera høy inn på ein låve. Maskina er sett saman av ei sentrifugalvifte, som genererer ein kraftig luftstraum, og eit langt røyr[1]. Den kraftige luftstraumen i røyret riv med seg høyet og bles det ut i enden av røyret, som ofte går inn på låven gjennom ein glugge. Maskina kan vera driven av ein elmotor eller frå kraftuttaket på ein traktor. Høyet vert mata inn i maskina manuelt, ofte med høygaffel, eller direkte frå ei avlessarvogn. Høykanon kan òg nyttast for å transportera halm. Det er fyrst og fremst i gamle driftsbygningar, der det ikkje er mogleg å køyra inn på låven med traktor, at høykanonane har vorte nytta. Oergangen til surfor førte til at bruken minka.

Høykanon driven frå kraftuttaket på ein traktor.

Referansar endre

  1. E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.