Edward Lear

britisk poet og skribent

Edward Lear (12. mai 181229. januar 1888) var ein britisk forfattar, biletkunstnar og illustratør. Lear er i dag mest kjend for dei mange limerickane og nonsensversa sine, men han var òg teiknar og skreiv fleire reiseskildringar frå hans mange reiser i middelhavsområdet, blant anna i Hellas, Egypt og Albania, illustrerte med teikningar og akvarellar.

Edward Lear
Edwardlear.jpg
Fødd 12. mai 1812
Highgate
Død

29. januar 1888 (75 år)
Sanremo

Yrke skribent, lyrikar, illustratør, kunstmålar, romanforfattar, landskapsmålar, scientific illustrator, ornitolog, komikar
Språk engelsk
Signatur Signatur
Edward Lear på Commons

Lear gav ut A Book of Nonsense («Ei nonsensbok») i 1846. Ho inneheldt meir eller mindre absurde og spøkefulle tullevers utforma som barneregler i limerickform. Boka var illustrert med eigne teikningar og var mynta på barn, men blei òg lesen av vaksne. Ho gjorde limerickforma populær og danna grunnlaget for den humoristiske sjangeren «nonsenslitteratur» i britisk litteratur. Samleutgåva The Complete Nonsense of E. L. kom ut i 1947. Eit døme:

There was an Old Man with a beard,
Who said: «It is just as I feared! —
Two Owls and a Hen, four Larks and a Wren,
Have all built a nest in my beard.»

LivEndra

 
Lear byrja som naturvitskapleg illustratør, Ørneugle, 1837
 
portrettDen unge Lear, teikna av Wilhelm Marstrand i 1840

Lear var fødd i ein middelklassefamilie i landsbyen Holloway i nærleiken av London. Han var det nest siste barnet i Ann Clark Skerrett og Jeremiah Lear sin barneflokk på 21.[1] Han blei oppfostra av eldstesystera si Ann, som var 21 år eldre enn han sjølv. På grunn av den avgrensa økonomien til familien måtte Lear og syster hans forlata familien og bu saman frå han var fire år. Systera forguda broren og heldt fram med å fungera som ei mor for han heilt til ho døydde.[2]

Lear leid av livslange helseplager. Frå han var seks år gammal hadde han av epileptiske anfall, bronkitt, astma og seinare i livet òg delvis blinde. Han opplevde det første anfall sitt på ein marknad i nærleiken av Highgate då han var saman med far sin. Det skremde og audmjuka han, og dagbok hans i vaksen alder viser at han fjerna seg frå andre når han følte eit anfall var på gang. Han sleit òg med depresjonar.[3]

Lear reiste mykje gjennom heile livet og busette seg til sist i italienske Sanremo ved kysten av Middelhavet, ikkje langt frå den franske grensa, på 1870-talet. Han hadde eit hus han kalla «Villa Tennyson» etter den engelske diktaren. Det næraste han kom til å gifta seg var to frieri, begge til den same kvinna, som var langt eldre enn han sjølv, men dei blei avslått. I staden støtta han seg på vener. Etter ei langvarig forverring av helsa døydde han i sit heim i 1888 av ein hjartesjukdom han hadde slite med sidan rundt 1870.[4] Han er gravlagd i kyrkjegarden i San Remo. På gravsteinen hans står Alfred Tennyson sitt dikt til Lear:[5]

Tomohrit, Athos, all things fair.
With such a pencil, such a pen.
You shadow forth to distant men,
I read and felt that I was there.

Hundreårsdagen for døden hans i 1988 blei markert i Storbritannia med eit frimerkesett og ei utstilling ved Royal Academy. Lears fødestad er vorte markert med ein blå plakett, og tohundreårsdagen i 2012 blei feira med ei rekkje hendingar, utstillingar og førelesingar, inkludert ein Internasjonal ugle- og pusekatt-dag på fødselsdagen hans.[6]

Lear er blitt framstilt i radiohøyrespel av Andrew Sachs i The Need for Nonsense av Julia Blackburn, framført den 9. februar 2009 i BBC Radio 4, og av Derek Jacobi i By the Coast of Coromandel av Lavinia Murray, framført den 21. desember 2011 i BBC Radio 4.

BiletekunstEndra

 
Masada ved Dødehavet, Edward Lear, 1858
 
Oljemåleriet Civita Castellana, i provinsen Viterbo i Italia, måla 1844. Motiv frå ei av dei mange reisene til Lear.

Allereie medan han var i tenåra teikna Lear for ulike oppdragsgjevarar for å skaffa seg inntekter. Han utvikla seg snart til ein anatomisk og ornitologisk handverksteiknar, med oppdrag for sjukehus og det zoologiske selskapet. Frå 1830 eller 1831 til 1837 hadde han jevnlige opphald hos jarlen av Derby, som heldt ei besetning ville dyr på sin eigedom i Knowsley Hall. Den fyrste utgjevinga til Lear, som kom ut då han var 19 år, var Illustrations of the Family of Psittacidae, or Parrots (1830). Måleria hans bleigodt mottekne og han blei velvillig samanlikna med naturalisten John James Audubon.

I tida 1848–49 vitja han mellom anna Egypt og Hellas, og han reiste til India og Sri Lanka i tida 1873–75. På reisa produserte han store mengder med fargelagde teikningar i den særskilde stilen sin, og desse omarbeidde han seinare i atelieret sitt til oljemåleri og akvarellar, og til trykkplater som illustrasjonar i bøkene sine.[7] Landskapsstilen hans viser ofte utsikter med sterkt sollys og harde kontrastar i fargane.

Gjennom heile livet heldt han fram med å måla seriøst. Han hadde ein livslang ambisjon om å illustrera dikta til Tennyson, men verket blei aldri fullført etter planen. Mot slutten av livet hans blei det gjeve ut ei bok med ei lita mengd illustrasjonar.

ForfattarskapEndra

 
A Book of Nonsense, utgåve ca. 1875
 
Illustrasjon og limerick frå Lears A Book of Nonsense frå 1846: There was an old man with a beard.
 
Illustrasjon for There was a Young Lady of Hull, 1846
 
Sjølvportrett som illustrerte ei faktisk hending der ein framand hevda at «Edward Lear» var eit pseudonym. Lear (til høgre) viser fram namnet sitt på innsida av hatten.
 
Sjølvportrett, karikatur av han sjølv.

I 1846 gav Lear ut boka A Book of Nonsense, eit band med limerickar som kom ut i tre utgåver og bidrog til å gjera limericken som leiken diktsjanger populær. I 1865 skreiv han The History of the Seven Families of the Lake Pipple-Popple, og i 1867 det best kjende nonsensdiktet sitt, The Owl and the Pussycat, som han laga til borna til oppdragsgjevaren sin Edward Stanley, 13. jarl av Derby. Fleire andre verk følgde.

Lear sine nonsensbøker var ganske populære i hans levetid, men det utvikla seg eit rykte at «Edward Lear» berre var eit pseudonym, og at den eigentlege forfattaren av bøkene var mannen Lear hadde dedisert bøkene sin til, oppdragsgjeveren hans jarlen av Derby. Dei som fremja dette ryktet, la fram som bevis at begge mennene hadde førenamnet Edward, og at «Lear» var eit anagram for «Earl» (jarl).[8]

Lear sine nonsensdikt skil seg ut ved å presentera ei rekkje verbale nyvinningar og ei glede i lyden av ord, verkelege som oppdikta. Ein «stuffed rhinoceros» («fylt nasehorn») blir til ein «diaphanous doorscraper» (omtrentleg «gjennomsiktig dørskrapar»). Ikkje alt lèt seg omsetja utan å mista magien i lyden og samansetjinga av orda, til dømes når ein «blue Boss-Woss» spring ut i «a perpendicular, spicular, orbicular, quadrangular, circular depth of soft mud». Heltefigurane hans har namn som Quangle-Wangles, Pobbles og Jumblies. Ei av dei best kjende verbale nyvinningane hans var frasen «runcible spoon», som opptrer i avslutningslinjene i The Owl and the Pussycat. Dei finst no i mange engelske ordlister:

They dined on mince, and slices of quince
Which they ate with a runcible spoon;
And hand in hand, on the edge of the sand,
They danced by the light of the moon,
The moon,
The moon,
They danced by the light of the moon.

Lear var godt kjend for nyorda sine (neologismar), men nytta òg ei rekkje andre knep for å vri på og utfordra forventingane til lesarane. Til dømes forheld «Cold Are The Crabs» («Kalde krabber») seg til tradisjonane kring sonetten med ei dramatisk forkorta sistelinje.[9]

Limerickane i seinare tider har innhaldet fordelt på fem verselinjer, men limerickane til Lear kom i ei rekkje format. Det synest som om Lear skreiv dei i manuskripta over så mange linjer som det var plass til under illustrasjonen hans. For dei første tre bok-utgåvene var dei fleste vanlegvis sett opp i to, fem og tre linjer. Omslaget på ei utgåve har ein heil limerick på to linjer:[10]

There was an Old Derry down Derry, who loved to see little folks merry;
So he made them a book, and with laughter they shook at the fun of that Derry down Derry.

I limerickane til Lear sluttar vanlegvis den fyrste og den siste linja med same rimord. Versa er for det meste prega av nonsens og unngår noka form for overraskande poeng, og dei er fri for pikant eller grov humor som limerickar i dag ofte er assosierte med. Eit typisk tematisk element er tilstadeveret til eit ufølsamt og kritisk «dei». Eit døme på eit typisk Lear-limerick:

There was an Old Man of Aôsta,
Who possessed a large Cow, but he lost her;
But they said, ‘Don't you see,
She has rushed up a tree?
You invidious Old Man of Aôsta!’

Lear si eiga skildring av seg sjølv i dikt, «How Pleasant to know Mr. Lear», endar med ein strofen som viser til hans eigen døydelegheit:

He reads but he cannot speak Spanish,
He cannot abide ginger-beer;
Ere the days of his pilgrimage vanish,
How pleasant to know Mr. Lear!

Fem av Lear sine limerickar frå Book of Nonsense blei i 1952 sett til musikk i ei italiensk omsetjing frå 1946. Dei blei framførte a cappella med kor av Goffredo Petrassi.

BibliografiEndra

  • Mount Timohorit, Albania (1848)
  • Illustrations of the Family of the Psittacidae, or Parrots (1832)
  • Tortoises, Terrapins, and Turtles by J.E. Gray
  • Views in Rome and its Environs (1841)
  • Gleanings from the Menagerie at Knowsley Hall (1846)
  • Book of Nonsense (1846)
  • Journal of a Landscape Painter in Greece and Albania (1851)
  • Journal of a Landscape Painter in Southern Calabria (1852)
  • Journal of a Landscape Painter in Corsica (1870)
  • Nonsense Songs and Stories (1870, datert 1871)
  • More Nonsense Songs, Pictures, etc. (1872)
  • Laughable Lyrics (1877)
  • Nonsense Alphabets
  • Nonsense Botany (1888)
  • Tennyson's Poems, illustrated by Lear (1889)
  • Facsimile of a Nonsense Alphabet (1849, men ikke kjent før 1926)
  • The Scroobious Pip, uferdig ved hans død, men fullført av Ogden Nash og illustrert av Nancy Ekholm Burkert (1968)
  • The Quangle-Wangle's Hat (1933)
  • Edward Lear's Parrots ved Brian Reade, Duckworth (1949), inkludert 12 fargeplansjer fra Lears Psittacidae
  • The Complete Nonsense and Other Verse, redigert og annotert av Vivien Noakes (2006), det engelske standardverket.
Norske utgjevingar
  • Nonsens, illustrasjonar: Justyna Nyka, gjendiktning: Torstein Bugge Høverstad (2003)
  • Nesten komplett nonsens, med Lear sine egne tegninger, norsk gjendikting ved Torstein Bugge Høverstad (2013). (Teksten inkluderer gjendiktingane i boka frå 2003.)

KjelderEndra

  1. «Edward Lear», The Literary Encyclopedia
  2. Holbrook, Jackson (red., 1951): The Complete Nonsense of Edward Lear. Dover Publications, s. xii.
  3. Lear, Edward (2002): The Complete Verse and Other Nonsense. New York: Penguin Books. ISBN 0-14-200227-5. s. 19–20
  4. Strachie, Lady Constance Braham (1911): Later Letters of Edward Lear: Author of 'The Book of Nonsense'. Duffield and Company, s. 332
  5. Oxford Dictionary of National Biography, abonnent nødvendig
  6. «International Owl & Pussycat Day, 12 May | Just another WordPress.com site». Teachingnonsenseinschools.wordpress.com.
  7. Wilton, Andrew & Lyles, Anne (1993): The Great Age of British Watercolours (1750–1880), Prestel, ISBN 3-7913-1254-5, s. 318
  8. Lear, Edward (1894): «Introduction». More Nonsense Pictures, Rhymes, Botany, etc.
  9. «Cold Are The Crabs». Ingeb.org.
  10. «Edward Lear, A Book of Nonsense». Nonsenselit.org.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Edward Lear