Opna hovudmenyen

William Butler Yeats

irsk diktar og dramatikar

William Butler Yeats (13. juni 186528. januar 1939) var ein anglo-irsk forfattar som skreiv skodespel og dikt og prøvde å bygga opp ein ny irsk litteratur. Yeats var ei drivkraft i «den keltiske renessansen», var med på å grunnleggja og driva Abbey Theatre i Dublin, og var senator i senatet i Den irske fristaten i to periodar. I 1923 blei Yeats tildelt Nobelprisen i litteratur, som den første iren. Han er ein av få forfattarar rekna for å ha fullført sine største verk, som The Tower (1928) og The Winding Stair and Other Poems (1929), etter ei nobelpristildeling.

William Butler Yeats
William Butler Yeats by George Charles Beresford.jpg
Fødd 13. juni 1865
Sandymount
Død

28. januar 1939
Menton

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, skribent, politikar, mystiker, astrolog
Språk engelsk
Far John Butler Yeats
Mor Susan Pollexfen
Ektefelle Georgie Hyde-Lees
Born Michael Yeats
William Butler Yeats på Commons
Gravsteinen til Yeats i Drumcliffe i County Sligo.

Yeats var fødd i Sandymount i Dublin. Han døydde i 1939 i Menton i franske Alpes-Maritimes, men blei gravlagd i irske County Sligo.

VerkEndra

  • 1886 — Mosada
  • 1888 — Fairy and Folk Tales of the Irish Peasantry
  • 1889 — The Wanderings of Oisin and Other Poems
  • 1891 — Representative Irish Tales
  • 1891 — John Sherman and Dhoya
  • 1892 — Irish Faerie Tales
  • 1892 — The Countess Kathleen and Various Legends and Lyrics
  • 1892 — The Lake Isle of Innisfree
  • 1893 — The Celtic Twilight
  • 1894 — The Land of Heart's Desire
  • 1895 — Poems
  • 1897 — The Secret Rose
  • 1899 — The Wind Among the Reeds
  • 1899 — The Song of The Old Mother
  • 1900 — The Shadowy Waters
  • 1902 — Cathleen ni Houlihan
  • 1903 — Ideas of Good and Evil
  • 1903 — In the Seven Woods
  • 1904 — The King's Threshold
  • 1907 — Discoveries
  • 1910 — The Green Helmet and Other Poems
  • 1912 — The Cutting of an Agate
  • 1913 — Poems Written in Discouragement
  • 1914 — Responsibilities
  • 1916 — Reveries Over Childhood and Youth
  • 1916 — Easter 1916
  • 1917 — The Wild Swans at Coole
  • 1918 — Per Amica Silentia Lunae
  • 1918 — In Memory of Major Robert Gregory
  • 1920 — The Second Coming
  • 1921 — Michael Robartes and the Dancer
  • 1921 — Four Plays for Dancers
  • 1921 — Four Years
  • 1922 — Later Poems
  • 1924 — The Cat and the Moon
  • 1925 — A Vision
  • 1926 — Estrangement
  • 1926 — Autobiographies of William Butler Yeats
  • 1927 — October Blast
  • 1928 — The Tower
  • 1929 — The Winding Stair
  • 1933 — The Winding Stair and Other Poems
  • 1934 — Collected Plays
  • 1935 — A Full Moon in March
  • 1938 — New Poems
  • 1939 — Last Poems and Two Plays (posthumt)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av William Butler Yeats ved Wikisource.