Haakon Five

norsk politikar

Haakon Martin Henriksson Five (27. september 188015. januar 1944) var ein norsk gardbrukar, politikar og embetsmann, fødd og død i Kvam i Nord-Trøndelag. Han var landbruksminister i fire periodar, provianteringsminister 1919–20, samt stortingsrepresentant for Venstre 1922–30 og 1934–36. Frå 1927 var han fylkesmann i Nord-Trøndelag til han døydde i 1944. Five, som var nestformann i Venstre frå 1927, var den leiande landbrukspolitikaren i Venstre gjennom det meste av mellomkrigstida. Han «arbeidde serleg med spørsmålet om statshjelp til nydyrking, småbrukaropplæring, kornmonopolet og kornforsyninga».[1]

Haakon Five

Fødd27. september 1880
Kvam kommune
Død15. januar 1944 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde, handelsskulekandidat, agronom, embetsmann
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Eidgenössische Technische Hochschule Zürich
Universitetet i Oslo
BarnTore Five
Alle verv

Liv og gjerning endre

Etter eksamen ved Noregs Landsbrukshøgskule i 1905, var Five lærar ved Sem landbruksskole i ni år fram til 1914. Frå 1910 til -17 leia dei undersøkingane Selskapet for Norges Vels gjorde av drifta i landbruket. Gjennom desse undersøkingane og ei rad med avhandlingar la han både det praktiske og teoretiske grunnlaget for Norges landbruksøkonomiske institutt. Under fyrste verdskrigen var han fungerande rasjoneringsdirektør 1917–19. I februar 1919 tok Five over som provianteringsminister i Gunnar Knudsens andre regjering, frå desember same året også landbruksminister til regjeringa vart felt i juni 1920.

I juni 1921 kom Five tilbake som sjef i LandbruksdepartementetOtto Blehr danna ei ny Venstre-regjering. Då regjeringa gjekk av i mars 1923, var Five stortingsrepresentant for heimfylket Nord-Trøndelag til han i juli 1924 for tredje gong vart landbruksminister, då i ei regjering leia av Johan Ludwig Mowinckel. Etter knapt 20 månader i statsråd gjekk vegen tilbake til Stortinget då Høgre danna ny regjering i mars 1926. Året etter vald til nestformann i Venstre.

Frå 11. november 1927 var Five fylkesmann i Nord-Trøndelag til han vart avsett av okkupasjonmakta under andre verdskrigen. Fylkeskommunen var nedsylta i gjeld, og måtte i 1931 gå gjennom ein prosess der gjelda vart kraftig nedskriven. I mars 1933 kalla statsminister Mowinckel atter Five til å styre Landbruksdepartementet. I stortingsmelding nr 18 for 1933 la Five «fram eit stort program for framhjelp av jordbruket, langsamt, men over ein brei front».[2] Programmet møtte stor motstand frå Bondepartiet, som kravde tiltak som omgåande ville vere effektive.

Five tok i 1917 over farsgarden Østre Five i Kvam, der han døydde 63 år gammal.

Kjelder endre

Notar endre

  1. Norsk Allkunnebok. IV.bandet.1953
  2. Norsk Allkunnebok. IV.bandet.1953