Hafar Al-Batin
Hafar Al-Batin (arabisk حفر الباطن, Ḥafar al-Bāṭin) er ein by i Saudi-Arabia i Austprovinsen. Han ligg 430 km nord for Riyadh, 94,2 km frå grensa til Kuwait, og kring 74,3 km frå Irak. Byen ligg i den tørre dalen Wadi al-Batin, som er ein del av den lengre dalen til elva Wadi Al-Rummah (no tørr), som fører innover mot Medina og som tidlegare munnar ut i Persiabukta.
Hafar Al Batin | |||
by | |||
Kallenamn: Kjeldehovudstaden | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Austprovinsen | ||
Koordinatar | 28°26′3″N 45°57′49″E / 28.43417°N 45.96361°E | ||
Folketal | 271 642 (2010) | ||
Grunnlagd | 638 | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
• Sommartid | AST (UTC+3) | ||
Postnummer | 31991 | ||
Retningsnummer | +966-3-7 | ||
Hafar Al-Batin 28°26′03″N 45°57′49″E / 28.434166666667°N 45.963611111111°E | |||
Kart som viser Hafar Al-Batin.
| |||
Wikimedia Commons: Hafar Al-Batin |
I 2010 hadde Hafar Al-Batin meir enn 35 landsbyar i forstadane med i alt 389 993 til 600 000 innbyggjarar. Sjølve Hafar Al-Batin hadde kring 270 000 innbyggjarar.
Historie
endreFrå 638 evt. låg Hafar Al-Batin på ruta i ørkenen som pilegrimane passerte på veg til Mekka for hajj. På den tida var det ikkje noko vatn i dette området, så pilegrimar som reiste frå Irak til Mekka fekk ei langt strekke utan vatn. Under regjeringstida til Uthman (644–656) klaga mange pilegrimar på vassmangelen og Abu-Musa al-Asha'ari, ein av følgjesveinane til Muhammed svarte med å grave nye brunnar langs ruta i Al-Batin-dalen. Namnet Hafar Al-Batin (arabisk حفر الباطن, «holet i Al-Batin-dalen») kjem av dette.
Klima
endreTempepraturane i Hafar Al-Batin varierer frå 4-8 °C på vinterkveldar til 40-45 °C på sommardagar. Klimaet er generelt varmt og tørt, og det regnar berre spreidd om vinteren.
I Köppen-Geiger sitt klimasystem er klimaet klassifisert som varmt ørkenklima (BWh).[1]
Vêrdata for Hafar Al-Batin | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 18,4 | 20,9 | 25,6 | 32,1 | 38,7 | 42,5 | 43,9 | 43,4 | 41,9 | 35,1 | 25,4 | 19,9 | 32,3 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 12,4 | 14,5 | 18,9 | 24,8 | 30,9 | 34 | 35,6 | 34,6 | 33,1 | 27,2 | 18,5 | 13,6 | 24,8 |
Gjennomsnittleg min °C | 6,5 | 8,1 | 12,2 | 17,6 | 23,1 | 25,5 | 27,4 | 25,9 | 24,3 | 19,4 | 11,6 | 7,3 | 17,4 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 32 | 37 | 42 | 29 | 22 | 0 | 0 | 4 | 0 | 9 | 37 | 29 | 241 |
Kjelde: Climate-Data.org (høgd 310m)[1] |
Galleri
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Climate: Hafar Al-Batin - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 28. oktober 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Hafar Al-Batin» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Central Department of Statistics and Informations Arkivert 2007-12-15 ved Wayback Machine. (ar)
- Saudiarabiske informasjonskjelder
- Otaishan assigned governor of Hafr albatin 2011 (ar)