Hakea

planteslekt

Hakea er ei planteslekt i familien Proteaceae som omfattar 150 artar. Ho er endemisk til Australia. Plantar i slekta er buskar eller småtre med lauv som kan vera flate eller runde i tverrsnitt, sistnemnde kan også tidvis vera delte. Blomane sit vanlegvis i grupper ved bladstilken og likner på dei frå nærskyld slekter, særleg Grevillea. Hakea får treaktige frukter som skil dei frå Grevilleas, som ikkje har slike frukter. Hakea-plantar finst i alle delstatane i Australia. Det største arstmangfaldet finn ein i Sørvest- og Vest-Australia.

Hakea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Proteales
Familie: Proteaceae
Slekt: Hakea
Schrad., 1798

Skildring

endre

Plantar i Hakea er buskar eller småtre. Nokre artar har flate blad, medan andre har blad som er nåleliknande og som tidvis er flika divided og nokre gonger har ei rille på undersida a groove on the lower surface. Blomane sit i grupper ved bladfesta med knoppane omgjevne av høgblad. Blomane har både mannlege og kvinnelege delar og sit på ein kort stilk. Begerblad og kronblad, som til saman dannar blomeblad, er forma som eit kurva røyr som kan splitta opp når blomen utviklar seg. Arret er lengre enn blomebladrøyret, og er kurva før enden kjem ut. Når han er ute er enden av arret ein pollen-utdelar. Frukta til Hakea-plantar er treaktig og varer ved fram til planten blir brent i ein skogbrann eller til planten døyr. Då sprekk frukta opp og slepp ut to frø med venger.[1][2][3][4]

Hakeas liknar andre plantar i familien Proteaceae, men har heile blad som sit alternerande, blomar som sit i lause grupper tettt på stilken ved bladfestet, til skilnad frå dei til Banksia. Hakea liknar på Grevillea-artar, men skil seg frå desse mellom anna ved dei varige, treaktige fruktene sine.[1][5]

Taksonomi og namngjeving

endre

Slekta Hakea blei formelt skildra i 1797 av Heinrich Schrader og Johann Christoph Wendland, og skildringa blei gjeven ut i Sertum Hannoveranum.[6][7] Slekta fekk namn etter baron Christian Ludwig von Hake, ein tysk mesen for botanikk.[8][9]

Utbreiing

endre

Det finst hakeaartar i alle delstatane i Australia.[1]

Dyrking

endre

Hakea er utbreidde som prydplantar i hagar i Australia, og er mange stader så utbreidde som Grevillea- og Banksia-plantar. Det finst fleire hybridar og kultivarar, som Hakea 'Burrendong Beauty'. Plantane veks best i bed med lett, veldrenert jordsmonn og god vatning.

Nokre praktfulle vestlege artar, som Hakea multilineata, H. francisiana og H. bucculenta, blir gjerne poda på meir hardføre røter som den til Hakea salicifolia slik at dei kan klara seg betre i våtare klima.

Mange artar, særleg dei som stammar frå Aust-Australia, er særs hardføre, og kan nokre stader opptre som ugras. Hakea gibbosa, H. sericea og H. drupacea er rekna som ugrasplantar i Sør-Afrika,[10][11][12] Hakea laurina er blitt etablert i austlege delar av Australia, og er rekna som eit miljøugras,[13] medan Hakea salicifolia, Hakea gibbosa, og Hakea sericea er invasive ugras på New Zealand.[14][15][16]

 
Hakea epiglottis
 
Hakea decurrens subsp. physocarpa

Artsliste

endre

Denne lista over Hakea-artar omfattar artar anerkjende av Australian Plant Census, bortsett frå Hakea asperma, som er anerkjend av Royal Botanic Gardens Victoria:[17][18]

 

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Barker, Robyn Mary; Harden, Gwen J.; Haegi, Laurence Arnold Robert; Barker, William Robert. «Genus Hakea». Royal Botanic Garden Sydney. Henta 3 November 2018. 
  2. «Hakea». Royal Botanic Gardens Victoria. Henta 3 November 2018. 
  3. «Hakea». Western Australian Herbarium. Henta 3 November 2018. 
  4. «Hakea». State Herbarium of South Australia. Henta 3 November 2018. 
  5. Carolin, Roger; Tindale, Mary D. (1994). Flora of the Sydney Region. Chatswood, N.S.W.: Reed. s. 255–265. ISBN 0730104001. 
  6. «Hakea». APNI. Henta 18 February 2020. 
  7. Schrader, Heinrich; Wendland, Johann C. (1797). Sertum Hannoveranum. New York: Vandenhoeck et Ruprecht. s. 27. Henta 18 February 2020. 
  8. «Hakea propinqua». Australian National Botanic Gardens. Henta 3 November 2018. 
  9. «Hakea costata». Australian Native Plants Society, Australia. Arkivert frå originalen 3. november 2018. Henta 3 November 2018. 
  10. «Invasive Weeds Compendium Hakea sericea». CABI. Henta 12 July 2018. 
  11. «Weed Risk Assessment for Hakea gibbosa (Sm.) Cav. (Proteaceae) – Rock hakea» (PDF). CABI. USDA. 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 12. juli 2018. Henta 12 July 2018. 
  12. «Invasive species compendium Hakea drupacea sweet hakea». CABI. Henta 12 July 2018. 
  13. «Weeds of Australia Factsheet Hakea laurina». Biosecurity Queensland Edition. Queensland Government. Henta 12 July 2018. 
  14. «Flora of New Zealand Hakea sericea Schrad. & J.C.Wendl.». Landcare Research Manaaki Whenua. 
  15. «Flora of New Zealand Hakea gibbosa Cav.». Landcare Research Manaaki Whenua. 
  16. «Flora of New Zealand Hakea salicifolia (Vent.) B.L.Burtt». Landcare Research Manaaki Whenua. 
  17. «Hakea». Australian National Botanic Gardens. Henta 3 November 2018. 
  18. Messina, Andre; Walsh, Neville. «Hakea asperma». Royal Botanic Gardens Victoria. Henta 3 November 2018. 

Litteratur

endre
  •  Barker WR, Barker RM, Haegi L (1999). «Hakea». I Wilson, Annette. Flora of Australia: Volume 17B: Proteaceae 3: Hakea to Dryandra. CSIRO Publishing / Australian Biological Resources Study. s. 1–170. ISBN 0-643-06454-0. 
  •  Holliday Ivan (2005). Hakeas:a field and garden guide. Reed New Holland. ISBN 1-877069-14-0. 
  •  Young, JA (2006). Hakeas of Western Australia : a field and identification guide. ISBN 978-0-9585778-2-3. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hakea