Opna hovudmenyen

Hallfrid Christiansen

norsk lingvist

Hallfrid Christiansen (20. februar 188629. september 1964) var ein norsk germanist, allmennlingvist og målføregranskar som særleg tok for seg talemåla i det nordlege Noreg.

Hallfrid Christiansen
Hallfrid Christiansen.jpg
FøddHallfrid Pedersdatter Andreassen, Hallfrid Pedersdatter Andreassen
20. februar 1886
Gimsøy
Død29. september 1964
NasjonalitetNoreg
Områdedialektologi, norske dialektar, germanistikk, filologi
Yrkefilolog
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Christiansen var fødd Andreassen på Gimsøya i Lofoten (dagens Vågan kommune). Ho var dotter av lærar og klokkar Peder Adolf Andreassen og Fredrikke Georgine Benjaminsen, og voks opp som den eldste i ein søskenflokk på sju. Etter avslutta folkeskule gjekk ho 1903-1904folkehøgskule på Ekren på Melbu. I 1906 byrja ho på Angells privatskule i Kvæfjorden. I 1907 gifta ho seg med styraren for denne skulen, Rasmus Chr. Angell, men ho mista maken sin til tuberkulose allereie året etter. Christiansen tente som huslærar fleire stader i Lofoten og Vesterålen før ho reiste til Kristiania (Oslo). Der gifta ho seg med journalisten Olav Lüchen Kopstad, men også denne ektemannen døydde tidleg. I 1925 gifta ho seg med arkitekten Julius Christiansen, og gjennom dette ekteskapet fekk ho høve til å byrje med universitetsstudiar. Ho tok bifag i norsk og tysk, og las gammalgermanske språk, gresk og sanskrit. I 1935 tok ho doktorgraden i filologi med ei avhandling om talemålet på Gimsøya.

Hallfrid Christiansen fekk aldri noka fast stilling ved universiteta i Oslo eller Bergen, trass i at ho hadde doktorgraden. Ho heldt likevel ei rekkje forelesingar ved universiteta i emne med tilknyting til norske dialektar, og ved sida av undervisninga rettleidde ho hovudfagsstudentar og skreiv fleire til dels lange vitskaplege artiklar, for nordiske og ikkje-nordiske vitskaplege tidsskrift. Av arbeida hennar er truleg lærestoffet om norske dialektar (tre hefte utgjevne 1946-1948) det mest kjende.

Christiansen vikarierte i professoratet i allmenn lingvistikk for Alf Sommerfelt i åra 19411943, og for professor Carl Borgstrøm i ”det propedevtiske kursus” i allmenn lingvistikk hausten 1957.

Faghistorikarane har peika på to forhold som kan vere årsaka til at Christiansen aldri fekk fullt innpass i det språkvitskaplege miljøet. Det eine er at ho på fleire måtar stod for eit fagleg tradisjonsbrot. Ho følgde ikkje den junggrammatiske linja som var den rådande i norsk målføregransking i mellomkrigstida, men såg i staden til det strukturalistiske paradigmet. Det andre som kan ha hindra Christiansen i å få ei fast vitskapleg stilling, var at ho sysla med nordnorske språkforhold. Dette gjekk òg imot tradisjonen, som gjerne heldt nordnorske dialektar utanfor av di dei ikkje var eigna til å påvise dei banda som kunne dokumentere linjene attende til gammalnorsk tid.

Hallfrid Christiansen vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1950.

LitteraturEndra

  • Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse (1933)
  • Norske dialekter (Hefte 1-3) (1946-1948)
  • «Hovedinndelingen av norske dialekter» I: Maal og minne (1954)
Om henne